Historisk arkiv

Konferanse i Oslo om valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg skal arrangere ein konferanse for vest-europeiske land om valdeleg ekstremisme. Føremålet med konferansen er å koma med konkrete innspel i arbeidet mot valdeleg ekstremisme før FNs generalforsamling i New York til hausten.

Under toppmøtet i Washington denne veka blei det bestemt at det skal arrangerast ei rad regionale konferansar i Asia, Midtausten, Afrika og Europa. Noreg er bedt om å vera vertskap for konferansen i Vest-Europa, og utanriksminister Børge Brende kunngjorde i sitt innlegg at regjeringa har takka ja til det. 

- Eit viktig bidrag i arbeidet  er vår handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. I møtet informerte eg om den, og lova norsk støtte til det internasjonale arbeidet mot radikalisering. I første omgang fem millionar kroner til det nyoppretta "Global Community Engagement and Resilience Fund - GCSP".

Ministermøtet i Washington som den amerikanske utanriksministeren John Kerry var vertskap for, samla regjeringsrepresentantar frå 60 land. Også president Obama deltok på møtet. Bakgrunnen for å samle så mange land, var Isils herjingar i Syria og Irak, og vårt og fleire andre lands problem med framandkrigerar og radikalisering. Terroråtaka i Sydney, Paris og i København nyleg låg som eit dyster bakteppe for innlegga på møtet.

- Dette møtet om nedkjemping av valdeleg ekstremisme er ei imponerande mobilisering av politisk vilje til å fjerne dette ondet, seier Brende.

Han presiserer at dette ikkje er ein kamp mellom vesten og islam. - Det dreiar seg om våre verdiar; om toleranse, ytringsfridom, openheit og demokratiske spelereglar. Terroristane vil øydeleggje desse verdiane. Det skal dei ikkje greie, seier utanriksministeren.