Historisk arkiv

Sender lovforslag om forbod mot organisert tigging på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet sender på høyring eit forslag om endringar i straffelova som inneber innføring av eit nasjonalt forbod mot organisert tigging, alternativt generell tigging.

Forslaget er ei oppfølging av eit vedtak frå juni 2014, der Stortinget bad regjeringa fremje eit slikt lovforslag.              

Departementet har utarbeidt eit forslag mot organisert tigging i tråd med Stortingets ønske. I høyringsbrevet vert det understreka at det kan vere krevjande å gi ein definisjon på «organisert tigging» som gjer det mogeleg for politiet å handheve forbodet på ein fullgod måte i alle aktuelle saker. På denne bakgrunnen inneheld høyringsbrevet eit alternativt forslag om eit generelt forbod mot tigging på offentleg stad. 

Høyringsfrist er 15. februar. 

Høring - forslag til endring i straffeloven 1902 og 2005 (ny § 350a og ny § 181a om forbud mot organisert tigging)