Historisk arkiv

Skogsdrift frå lekter i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Frå gammalt av var sjøen den viktigaste transportåra langs kysten også for tømmer. No vil ein kystskipper og ein skogsarbeidar i Rogaland forsøke seg med skogsdrift direkte frå ein stor lekter. Slik sparer ein lastebil- og kaikostnader.

Bak denne spanande nysatsinga står Jan Terje Skåtevik og Svein Inge Øvrebø frå Marvik i Suldal kommune. Dei har realisert forretningsideen sin om å ta ut tømmer med taubane og lekter frå bratte og veglause vestlandslier gjennom eit eige selskap, Marvik skog AS. Dette er i første omgang eit prøveprosjekt over tre månader, der alt utstyr er leigd for å sjå om dette kan bli faste og varige arbeidsplassar. Ved full drift er det snakk om 3-4 årsverk. 

Skogdrift frå lekter

Skogdrift frå lekter (Foto: Bjarte Skipevåg)