Historisk arkiv

Rekordmange lærarar har søkt vidareutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Nær 8500 lærarar har søkt om vidareutdanning i 2015, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ny rekord – nesten 1500 fleire enn i fjor og over ei dobling frå søkarresultata frå to år sidan.

– Dette er veldig bra, og viser at det er eit stort ønske blant lærarar om å heve kompetansen.  No er det viktig at kommunane godkjenner søknadene slik at lærarane kan få den vidareutdanninga dei ønsker og treng. Regjeringa vil skjerpe krava til fagleg fordjuping hos lærarane i matte, norsk og engelsk, og dette vil det vere kommunane som har ansvar for å følgje opp, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Om lag ein fjerdedel av lærarane har søkt om stipend på 100 000 kroner, medan resten har søkt om å få vikarar.

Flest har søkt matte

Matematikk har fått klart flest søknader frå lærarane. Om lag ein sjettedel av  av mattesøknadene er til eit fjernundervisningkurs på nettet som vert prøvd ut for første gong i år.

Søknadstal for utvalde fag:

  • Matematikk: 2354 søknader.
  • Norsk: 1003 søknader
  • Engelsk: 904 søknader
  • Naturfag: 656 søknader