Historisk arkiv

Statsministerens program veke 21

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren er saman med klima- og miljødepartementet vertskap for den internasjonale kommisjonen bak "New Climate Economy".

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 19. mai
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg og Klima- og miljødepartementet er vertskap for den internasjonale kommisjonen bak «New Climate Economy». Kommisjonen som vert leda av Mexicos tidlegare president, Felipe Calderon, skal lansere neste klimarapport til sommaren, og halde drøftingar i Noreg. Solberg og Calderon vil halde kvar si innleiing, og er deretter tilgjengelege for presse.

Stad: Losby Gods, Losbyveien 270, 1475 Finstadjordet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.