Historisk arkiv

Strengare kontroll med bombekjemikaliar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa vil ha strengare kontroll med privatpersonars tilgang til kjemikaliar. Justis- og beredskapsministaren vil derfor arbeide for å forby privatpersonars tilgang til fleire kjemikaliar som kan misbrukast til å lage bomber.

Regjeringa vil ha strengare kontroll med privatpersonars tilgang til kjemikaliar. Justis- og beredskapsministaren vil derfor arbeide for å forby privatpersonars tilgang til fleire kjemikaliar som kan misbrukast til å lage bomber. 

– Samfunnets oppmerksemd og oversikt over bombekjemikaliar må styrkast. Det er nødvendig å sikre at kun personar som har eit legitimt behov for kjemikaliar, får tilgang til slike midlar, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.

Etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet overleverte DSB rapportane «Vurdering av regulering og kontroll med tilgang til ammoniumnitrat» og «Forslag til regulering av bombekjemikalier» til departementet i juni og oktober 2012. Rapportane foreslår fleire tiltak som vil skjerpe kontrollen med import, produksjon, omsetning og sluttbruk - og gjera det vanskelegare å planlegge og gjennomføre terroranslag.

I rapportene presiserast det at forslaga til tiltak ikkje må vurderast enkeltvis, men under eitt. Det er summen av tiltak som vil gi auka samfunnsstryggleik.

Regjeringa er i utgangspunktet einige i dette, og har bestemt å arbeide vidare med alle forslaga i rapportane. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil få i oppdrag å lage ein oppfølgingsplan for organisering og framdrift i arbeidet med regulering og kontroll med bombekjemikaliar, i samarbeid med relevante myndigheiter.

Les rapportane her: