Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Tisa-forhandlingane og arbeidskraft frå EØS-området

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 564 (2014-2015)

Utanriksminister Børge Brende har svart på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om etablering av utanlandske byggefirma i Noreg og tilgjenge på arbeidskraft frå EØS-området.

Skriftleg spørsmål nr. 564 (2014-2015).
Datert 06.02.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Vil Noreg, dersom Noregs opningstilbod i Tisa-forhandlingane ikkje blir endra på det relevante området, vere forplikta til å tillate internasjonale byggefirma frå Tisa-landa å etablere seg som AS i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma, og dermed også ha tilgjenge til å hente uavgrensa med arbeidskraft frå EØS-området?

Grunngjeving: Forhandlingane for Tisa-avtala ser ut til å bli gjenstand for meir politisk debatt i EU enn det me til no har sett i Noreg. Europaparlamentet har funne grunn til å ta politisk grep om det som skjer i Tisa-forhandlingane. Parlamentarikaren Viviane Reding leiar arbeidet med dette, og er i gong med å presentere EU-parlamentet sine føringar for forhandlingane, sokalla «green lines» og «red lines», med krav om kva avtala må innehalde, og, ikkje minst, kva avtala ikkje skal innehalde dersom EU skal godkjenne den. Reading har bedt om meir openheit i forhandlingsprosessen rundt Tisa-avtala.

I Noregs opningstilbod står det på side 19 at Noreg opnar for utanlandsk bedriftsetablering (commercial precence) innan «construction and related engeneering services». Det er av stor interesse å klargjere kva for sektorar Noreg bind seg til å opne gjennom Tisa-forhandlingane, mellom anna innan byggebransjen.

Utanriksministerens svar:
Noreg sitt regelverk inneber ikkje-diskriminerande marknadstilgang for utanlandske bygg- og anleggstenester. Denne opninga er bunden i WTO-avtalen om handel med tenester, Gats. Noreg har såleis heilt sidan 1995 gjennom Gats vore forplikta til å tillate utanlandske byggefirma frå WTO-landa å etablere seg i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma utan nokon form for diskriminerande tiltak.

Det norske opningstilbodet i Tisa og annan informasjon om Tisa ligg på regjeringen.no. Tilbodet er det same som Noreg sine bindingar i WTO for utanlandske bygg- og anleggstenester. Når ei utanlandsk verksemd er etablert i Noreg, så gjeld det same regelverket for dei som for alle andre etablerte verksemder i sektoren.

Det viktigaste føremålet med Tisa er å pålegge fleire land ei plikt til å sikre ikkje-diskriminerande marknadstilgang for utanlandske tenester. Føremålet er å gjere desse grunnprinsippa gjeldande for tenester som det finst ein marknad for, og som det i stadig større grad vert handla med på tvers av landegrensene. Noreg har ei lang rekke bindingar med grunnlag i WTO-avtala om handel med tenester. Vi ønskjer at Tisa-forhandlingane fører til at andre Tisa-land kjem nærmare det norske bindingsnivået, som er høgt når det gjeld tenester som det vert handla med. Lykkast det, vil Tisa sikre at norske tenester har tilgang til andre marknader på like vilkår som konkurrentar frå andre land. Dette gjeld til dømes viktige tenester som skipsfart, som aleine har 97,5 milliardar kroner i inntekt frå utemarknader, eller mobiltelefoni, ein sektor som omset for om lag 70 milliardar kroner på utemarknader. Klare og avtalefesta spelereglar vil vere særs viktig for alle dei små og mellomstore tenesteverksemdene innan til dømes ingeniørtenester som finst i sektorar som energi og maritim, med samla inntening på fleire titals milliardar kroner.

Noreg har viktige offensive interesser knytt til energirelaterte tenester innanfor tenestekategorien bygg- og anleggstenester. Det er i Noreg si interesse å sikre tilsvarande ikkje-diskriminerande marknadstilgang som vi har bunde i WTO for norske tenester i andre Tisa-land.