Historisk arkiv

Tale - Transnovakonferansen 2012, Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale på Transnova-konferansen 2012, Rica Hell Hotel i Trondheim 9. mai 2012.

Gode forsamling!

  • Posten på CO2fri postombering i Trondheim: Erfaringane no er så positive at Posten går vidare til fleire byar med denne ordninga.
  • Holmenkollen: Tine presenterer fire bilar som skal distribuera ferske meieriprodukt til butikkar i Oslo med biogass som drivstoff.
  • Lura i Rogaland. Hurtigladestasjon for el-bilar.

Kva er felles med desse tre døma? Eg har vore der! Men det eg vil løfta fram i dag, er at eg har møtt Transnova i alle desse, og i mange andre prosjekt!

For to veker sidan la Regjeringa fram ei ambisiøs klimamelding. Der melder vi følgjande:

Regjeringen vil etablere Transnova som et permanent organ og gradvis auke tilskuddet.

Gratulerer!

Transportsektoren står i dag for 32 prosent av dei samla klimagassutsleppa til Noreg.

Sektoren er derfor viktig for å redusera dei norske utsleppa.

Klimameldinga har eit mål om at veksten i trafikken i byområda skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gåing.

Saman med ei slik omlegging av transportpolitikken i byane, er reduksjon av utslepp frå personbilar det viktigaste tiltaket for å redusera utsleppa frå transportsektoren.

Her spelar Transnova ei sentral rolle!

Gjennom sine tilskot til prosjekt som på ulike måtar vil erstatta fossilt drivstoff, bidrar Transnova til at stadig fleire av oss kan køyra utsleppsfritt eller med låge utslepp.

Når  Transnova blir eit permanent organ og gradvis får auka statleg tilskot, vil dette gjera Transnova til eit enda sterkare og meir slagkraftig organ for å vri transportsektoren over i grøn retning!

Gratulerer til alle dykk som arbeider med miljøvennleg transport – og ikkje minst til dei tilsette i Transnova. No kan de halda fram med det gode arbeidet dykkar for ei betre og reinare transportframtid!

Gjort det bra på kort tid

Samferdselsdepartementet etablerte Transnova som eit prøveprosjekt i 2009.

På kort tid har Transnova nådd å bli ei velkjent ordning blant transportaktørar som ynskjer å gå over til meir klimavennlege transportformer.

Transnova fyller ei rolle som ingen andre har hatt tidlegare.  Det slo evalueringa av ordninga i 2010 fast.

Men det har ikkje kome av seg sjølv. Det er jamt og trutt arbeid som har gitt Transnova den posisjonen dei har i dag.
 
Formidling av kunnskap, nettverksbygging og stadig arbeid med  utlysningar og søknadsbehandling, har bygd opp kompetansen i feltet og gjort ordninga attraktiv for søkarane.

Dette har ført til at kvaliteten på prosjekta det vert søkt stønad til, er blitt betre og betre.

I den siste søknadsrunden inneheldt søknadene sju gonger beløpet Transnova har til rådvelde. Svært mange gode prosjekt ligg i bunka. For første gong må Transnova velja vekk gode prosjekt til fordel for enda betre prosjekt. Det er eit godt teikn!

Prosjekt på ulike felt

Det er eit viktig prinsipp at Transnova skal vera teknologinøytralt. Regjeringa vil nytta  den teknologien som raskast og mest effektivt gir utsleppskutt.

Fram til no har omlag 100 prosjekt fått stønad innanfor ulike berekraftige mobilitetsløysingar.

Både kommunar, fylkeskommunar og private og offentlege bedrifter og organisasjonar har søkt og fått pengar.

Seinare i dag får de presentert resultata av nokre av dei Transnova-støtta prosjekta.

Eg har altså sjølv vore på besøk hos fleire. Det er flott å sjå kva dei får til.

Posten vil no skaffa 1300 el-køyretøy til postdistribusjon.

Dette hadde ikkje vore mogleg utan ein god ladeinfrastruktur for el-køyretøy i Noreg. Her har Transnova vore avgjerande.

Som ein del av regjeringa sin tiltakspakke i 2009 vart det løyvd 50 million kroner gjennom Transnova til ei stønadsordning for ladepunkt. Ordninga har medverka til utbygging av nær 1900 ladepunkt over heile landet.

I tillegg har Transnova støtta Nobil – ein database på nett som gir el-bilbrukarar oversikt over alle ladepunkta rundt i landet. Ein viktig reiskap som gjer det enklare og meir attraktivt å køyra el-bil.

Eg er også imponert over prosjektet Grønn Bil, som arbeider mot kommunane for å motivera og hjelpa dei til å gå over til el-køyretøy. Her er det store gevinstar å henta!

Transnova har òg gjort ein forskjell når det gjeld bruk av biogass som alternativt drivstoff. Dei første fyllstasjonane for biogass i Noreg kan vi takka Transnova for. Fleire skal koma!

Biogass er særleg viktig for buss og renovasjonsbilar i Noreg, men blir òg prøvd ut i varebilar. De får høyra meir frå Tine seinare i dag.

Det har vore mykje håp knytt til hydrogen som alternativt drivstoff for køyretøy. Dessverre har det vist seg å vera krevjande å få    dette på plass. Det ligg lengre fram en vi trudde.
 
Transnova har likevel fått i oppdrag av Samferdselsdepartementet å syta for å halda engasjementet levande.  De har meldt at de er på oppgåva. Det er bra!.

Mange av dykk som er her i dag har allereie fått pengar frå Transnova. Andre går kanskje med eit prosjekt i magen og vurderer å søkja. Det er bra! Vi treng enda fleire gode idear og tiltak for å nå målet vårt om å redusera utsleppa!

Eg ynskjer dykk alle ein inspirerande og fruktbar konferanse! Takk for meg!

Meir om Transnova