Historisk arkiv

Vil ha fleire forskarar i toppklasse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

– Noreg har eigeninteresse av å ha verdsleiande fagmiljø, og no skal vi intensivere arbeidet med å få fram fleire unge talent og framifrå forskings- og utdanningsmiljø, seier statsminister Erna Solberg.

På eit toppmøte om forsking i dag fekk statsministeren innspel frå norske toppforskarar, institusjonsleiarar og næringslivrepresentantar til korleis Noreg kan få fleire framifrå fagmiljø. I Haust la regjeringa fram langstidsplanen for forsking og høgare utdanning, der verdsleiande fagmiljø er ei viktig prioritering. Derfor var talentutvikling på agendaen på dagens møte. 

– Det er inspirerande å samle og høyre på representantar frå verdsleiande fagmiljø slik vi har gjort i dag. I dag har det blitt understreka at det ikkje er nok å bygga einskilde talent, men at me må bygga gode miljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Han er opptatt av at også forskings- og utdanningsmiljøa må vise vilje til å prioritere dei sterkaste. 

– I framifrå fagmiljø ser vi gjerne ein positiv spiral – dei beste forskarane trekker til seg andre forskarar i internasjonal toppklasse. Vi ser også at talent åleine ikkje er nok, dei beste forskarane har solid og stabil finansiering over tid, og rom til å utvikle sterke miljø rundt seg, påpeikar han.

Talen til statsministeren på toppmøte om forsking