Historisk arkiv

Europa i endring - konsekvensar for fiskerinæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiinga til statssekretær Vidar Ulriksen til årsmøte og 75-årsjubileum i Nord-Norges Rederiforening 26. november 2009.

Dirigent, leiar, delegatar og gjester.

Takk for invitasjonen til Nord-Norges Rederiforening. For 75 år sidan, i 1934, vart foreininga stifta av selfangstreiarar i Troms. Eg vil derfor med ein gang gratulere med 75- årsjubileet og eg ser fram til å feire dette med dykk i kveld.

De har bedt om at eg snakkar om vårt forhold til EU, eit stort og nærmast utømmeleg tema, spesielt for fiskerinæringa. EU har alltid vore eit tema for denne næringa, ikkje minst i dei to folkeavstemningane om medlemskap, der fiskeripolitikken på mange måtar var avgjerande. Som de peikte på i invitasjonen forvaltar vi mange viktige fiskebestandar saman med EU, enten bilateralt eller multilateralt. På same tid er sjølvsagt EU den viktigaste marknaden for norske fiskeprodukt. Før eg kjem inn på fiskeriforvaltningsdelen vil eg derfor først seie litt om EU som marknad og noen utfordringar vi har der.

Fiskerisamarbeidet med EU
La meg understreke at fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU går langt tilbake. Eg har innleiingsvis lyst til å seie litt om dette historiske bakteppet. Som de veit skjedde ei enorm endring då Noreg oppretta 200 mils økonomiske soner. Store område som tidlegare var ope hav vart underlagt nasjonal jurisdiksjon.

Havfiskeflåten vår, altså de, dreiv et utstrakt fiske i det som vart andre lands soner, spesielt EU, Island, Færøyane og Grønland. Motsett var det mange utanlandske fartøy som tradisjonelt hadde fiska i det som vart norsk sone. Som eit eksempel vil eg nemne at norske fiskarar i 1976, året før etableringa av dei økonomiske sonene, totalt fiska 330 000 tonn i det som då vart EU-sona. EU fiska 550 000 tonn i det som vart norsk sone.

På den tida var norsk strategi å inngå avtalar med kyststatane for å få på plass ordningar som skulle ta vare på interessene til både norske og utanlandske fiskarar.

Fiskerisamarbeidet baserer seg derfor på den bilaterale fiskeriavtalen mellom Noreg og EU av 1980 og brevvekslinga av 1992. Dette er grunnen til at vi kvart år har forhandlingar om forvaltning av fellesbestandar og gjensidig bytte av kvotar.

Dei auka fiskemulegheitene EU fekk tildelt i det såkalla fiskebrevet inngår i fiskeribalansen mellom Noreg og EU, og skal kompenserast med kvotetildelingar frå EU til Noreg.

Dette er det historiske bakteppet. No om situasjonen i dag. Samarbeidet i dag består sjølvsagt av mykje meir enn kvotebyte. På mange område har vi i dag eit tett og nært forhold til EU. Eg skal ikkje bruke lang tid på det, men det er viktig å understreke at vi har oppnådd mykje positivt. Kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) har lykkast. På dette området har vi saman tatt viktige steg, og vi nådde ein milepæl med godkjenninga av ein global hamnestatsavtale på FAOs generalkonferanse i november. Eit anna viktig bidrag er EUs UUU-regulering som trer i kraft frå 1. januar 2010. Desse resultata viser kor viktig det er med eit tett og tillitsfullt samarbeid bilateralt, regionalt og globalt. Og det er ingen tvil om EU og Noreg samarbeider nært i desse sakene.

Eg er glad for at vi etter mange års forhandlingar har fått på plass forvaltningsregime for store pelagiske bestandar som norsk vårgytande sild og kolmule. Dette kan synast som ein sjølvfølgje for mange, men de som sit i salen her veit kor vanskelege desse spørsmåla kan vere. Det tok oss mange års forhandlingar før avtalane var på plass.

For fellesbestandane i Nordsjøen har vi utvikla felles forvaltningsplanar for sei, sild, torsk og hyse. Målet er å oppnå stabilitet og høgt langtidsutbytte frå bestandane til beste for både forbrukar og fiskar. Forvaltningsplanane har utvikla seg til å bli eit viktig styringsverktøy for Noreg og våre samarbeidspartar innan fiskeri.

På kontrollsida har Noreg og EU eit nært samarbeid. Det har spesielt vore ei utfordring å få på plass tilfredsstillande system i pelagisk sektor. Vi har i fleire år hatt ei eiga arbeidsgruppe som har utvikla eit mykje godt samarbeid mellom Noreg og kommisjonen, men også med dei enkelte medlemsland. Sjølv om vi framleis har utfordringar har vi oppnådd svært mykje på dette området. Og som allereie nemnt er EU blant våre nærmaste allierte i kampen mot UUU-fiske.

Men som de veit godt er ikkje alt på skjener. Slik eg ser det har vi to hovudutfordringar i vårt forhold til EU når det gjeld fiskeriforvaltning. Å oppnå ei berekraftig forvaltning av fellesbestandane i Nordsjøen og å få i land ein avtale om makrell som ikkje berre sikrar berekraftig forvaltning, men som også gir stabilitet og føreseielege forhold for norske fiskarar. I tillegg blir bytebalansen ei stadig større utfordring.

Utkast
Som de veit har dette i mange år vore den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU. Vi forvaltar ikkje bestandane likt.  Noreg har eit utkastforbod, mens EUs fiskarar derimot er pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Eg var sjølv deltakar i den norske delegasjonen i forhandlingane med EU på 1990-tallet og hugsar at vi med jamne mellomrom tok opp problema knytt til utkastpåbodet med EU. Frå norsk side har det sjølvsagt aldri vore akseptabelt å dumpe fisk på denne måten, og politikken er defensiv for ei moderne fiskeriforvaltning.  På dette området oppnådde vi eigentleg lite før hausten 2008. Kystvakta dokumenterte i fjor systematisk utkast av fisk fanga i norske farvatn av utanlandske fartøy. Dette var ikkje akseptabelt for Noreg og utkast vart den sentrale saka i forhandlingane mellom Noreg og EU om ein kvoteavtale for 2009.

Forhandlingane resulterte i ei rekkje tiltak som vil redusere utkastproblematikken, særleg i Nordsjøen. Vi har hatt mange rundar med EU i 2009 for å avtale i detalj desse tiltaka. Dei viktigaste eg vil nemne er etablering av eit system for opning og stenging av felt for å beskytte yngel og småfisk. Dette har vore i gang sidan 1. september i år, men vi må vente til sommaren  2010 for å foreta ei skikkeleg evaluering for å sjå om systemet er effektivt. Eit slikt felles system har aldri vore etablert før og det er komplisert å føreseie den nøyaktige verknaden av systemet.

Vi har lang erfaring i Barentshavet med å stengje fiskefelt med for stor innblanding av undermåls fisk. Den svært positive bestandssituasjonen for norsk arktisk torsk viser at slike tiltak, i kombinasjon med andre, er sentrale for å oppnå ei berekraftig forvaltning.

EU har i tillegg for første gong innført eit high-grading-forbod, som må bli rekna som første steg mot eit utkastforbod.

Færøyane, Noreg og EU har avtalt fleire tiltak for å redusere utkast i pelagiske fiskeri. Målet er å unngå utkast, high grading og slepping. Også her har EU gått med på å innføre eit såkalla "high grading"-forbod. Forbodet gjeld i heile Nordaust-Atlanteren.

Vi vart også einige om å forby tekniske installasjonar om bord i fartøy som kan brukast til å sortere ut fisk som blir kasta ut. Det skal også innførast reglar som forpliktar fartøya å skifte felt dersom innblanding av småfisk er for stor. Dette er jo ikkje noko nytt for dykk.

Det er spesielt på det tekniske området vi ikkje er komne langt nok i Nordsjøen. Vi ønskjer og håpar at vi skal få til harmoniserte reglar med EU som også sikrar eit berekraftig beskatningsmønster.

Innsatsen knytt til utkastproblematikken vil truleg prege forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, sidan EU er i gong med å revidere sin Common Fisheries Policy. I denne samanhengen håpar eg EU vil vurdere å innføre eit utkastforbod i eigne farvatn. Det er derfor viktig at Noreg opprettheld presset for innføring av utkastforbod dei neste åra. Eg har gått gjennom desse tiltaka for å vise at vi trass problem har gjort viktige framsteg i samarbeid med EU. Eg understrekar likevel at vi framleis ikkje er i mål.

Her må vi også sjå litt på oss sjølve. Det er viktig at vi har orden i eige hus. Som de veit har vi endra prinsippet i Norge. Før hadde vi spesifisert dei fiskeslaga som ikkje kunne kastast ut, no er i utgangspunktet alt forbode å kaste ut dersom det ikkje framgår noko anna av reglane. Vi har altså ei generell ilandføringsplikt. Dette kjem av at vi har høge ambisjonar om kva vi skal gjere med det vi haustar av havet. Det kan vere at fisk som vi i dag ikkje får betalt for kan bli lønsam dersom vi bringar han i land. Eg har likevel sagt at næringa skal få komme med innspel til korleis vi skal praktisere denne regelen. Vi skal vere lydhøyre, men eg understrekar at vi også vil vere restriktive for unntak.

Makrell
Eg treng vel ikkje seie til denne forsamlinga at makrell er ein viktig ressurs for oss og at det er umåteleg viktig å forvalte bestanden på ein berekraftig måte. Dette er likevel for oss som forvaltarar ei svært krevjande og komplisert sak.

Vi har vore ueinige om fordelinga av denne bestanden i alle år. Frå norsk side har vi heile tida, og med støtte frå Det internasjonale råd for havforsking, påpeikt at makrellen i Nordaust-Atlanteren er ein bestand. Då blir det vanskeleg for oss å akseptere at EU tildeler seg sjølv ein tilleggskvote av makrell i Biscaya-området. På grunn av denne ueinigheita har vi for kvart år kunne inngått såkalla ad hoc-avtalar, og derfor etablerte Færøyane og Noreg ein tilsvarande kvote i 2009.

Vi har hatt mange forhandlingsrundar i 2009 for å prøve å leggje denne saka bak oss. Vi har dessverre ikkje lykkast i det. I tillegg vart saka ytterlegare forverra på grunn av EU- kommisjonen si avgjerd tidlegare i haust om å stoppe det norske fisket etter makrell i EU-sona. Vi ser på dette som eit klart avtalebrot, og det er ikkje slik vi utviklar eit godt samarbeid. Dette kosta norske fiskarar om lag 50 millionar Euro.

Eg skal vere litt forsiktig i det eg seier fordi vi er midt oppe i forhandlingane. Vi sit faktisk i Edinburgh og forhandlar om makrell no, og neste veke er det siste runde bilateralt i Brussel. I dagens nettsamfunn blir denne talen lesen av kommisjonen og medlemslanda før vi er ferdige med debatten i dag. Men det er klart at denne saka er alvorleg, og vi har, og det står vi på, vore klare på at EU med stoppen braut den bilaterale avtalen. At forhandlingane om ein kvoteavtale for 2010 blir vanskeleg seier seg derfor sjølv.

Vi har sjølvsagt eit håp og eit mål om å få på plass eit nytt regime for makrell. Ideelt sett skulle vi hatt ein normal oversiktleg kyststatsavtale med faste langsiktige andelar og sonetilgang. Vi er likevel ikkje der enno, og eg er ikkje villig til å ofre noko på kort sikt som gjer at vi tapar på lang sikt. Mulegheitene for ei løysning og opning av fisket i 2009 ser derfor ikkje lovande ut, og eg tviler på ei slik løysing. Dette er sjølvsagt ikkje lett for dei fartøya som ikkje fekk tatt mesteparten av kvoten. Eg er fiskar sjølv og veit kva dette kan bety for lommeboka til alle om bord. Eg håpar likevel at mange klarte å kompensere litt med det gode fisket etter hestmakrell.

Uansett kan eg love at dei som ikkje fekk fiska sin kvote vil få kvoten overført til neste år og fisket kan ta til allereie frå 1. januar.

Så tilbake til det eg nemnde i starten. Sjølv om vi byter fisk med EU på bakgrunn av historikk er det også slik at avtalen skal vere nokolunde balansert. Det vil seie at norske fiskarar skal ha fiskemulegheiter i EU-farvatn, eller på Grønland, som er attraktive. Dei siste åra har EUs betaling for torsken i Barentshavet blitt gjort opp med store kolmulekvotar. På grunn av nedgangen i kolmulebestanden er den tida definitivt over. Samtidig veit vi at torskebestanden er rekordhøg og tilbodet av torsk til EU aukar. Eg trur derfor vi får problem med å oppnå ein avtale der EU kan motta all torsken. Spørsmålet var aktuelt også i fjor, og det enda med at Noreg heldt igjen 999 tonn torsk. Her er ulike og motstridande interesser i EU i dette spørsmålet og eg trur saka vil bli veldig vanskeleg.

Dei bilaterale forhandlingane om ein kvoteavtale med EU har alltid vore ei utfordring. Eg vil likevel understreke at dette er ein avtale som begge partar nyt godt av. Eg er opptatt av at vi skal nå fram til ei god avtale for begge partar. Samtidig må eg understreke at dersom Noreg og EU ikkje blir einige om ein bilateral fiskeriavtale for 2010, så må de vere førebudde på at de ikkje har tilgang til EU-sona. På same måte vil sjølvsagt ikkje EU-fartøy ha tilgang til norsk sone.

Eg håpar makrellspørsmålet kan finne si løysning og trur det må til for at det tidligare nære forholdet til EU skal komme på skjener igjen.

Til slutt vil eg seie noko til dykk i næringa som eg legg særleg stor vekt på. Fiskeriforhandlingar er krevjande og kompliserte prosessar. I Noreg har vi i mange år vald å ha med næringa som ein integrert del av forhandlingsdelegasjonane. Eg vil gje honnør for den innsatsen representantane dykkar legg ned. Vi set veldig pris på dei konstruktive og innsiktsfulle bidraga som kjem frå folka dykkar for å oppnå best mulege avtalar.

EU – vår viktigaste sjømatmarknad
Handelen med sjømat mellom Noreg og EU er omfattande, og vi eksporterer for om lag 40 milliardar kroner årleg. Av dette går om lag 70 prosent til EU. Det er naturleg - EU er verdas største sjømatmarknad og ligg nær oss geografisk. EUs eigen industri er avhengig av stabil råstofftilførsle. EUs eigne tall viser at Noreg er den viktigaste leverandøren av fisk og fiskeprodukt (omlag 17 prosent av marknaden).

Samstundes er handelen med fisk i EU kanskje blant dei mest utfordrande områda i forholdet til EU.

Eg tenkjer då på gjentatte EU-tiltak mot laks og aure. Etter WTO-saka som regjeringa reiste har vi ikkje lenger tiltak mot norsk laks. EU har også fjerna tiltaka mot aure. Men sidan EØS-avtalen ikkje gir tilstrekkeleg vern mot slike tiltak, er vi sårbare. Vi må hugse at ein stor del av eksporten vår til EU møter tollvern og handels¬hindringar. Det gjeld spesielt for pelagisk sektor og for rekeindustrien. 

Eg trur det er eit potensial for å betre og forenkle handelsregimet med EU, og regjeringa arbeider kontinuerleg for å betre tilgangen på EU-marknaden. Dette skjer hovudsakleg gjennom arbeidet for å oppnå gode resultat i dei pågåande WTO-forhandlingane, men også i bilaterale forhandlingar med EU.

Selsaka
Eit tilgrensande område der vi har blitt utfordra, er EUs forbod mot omsetning av selprodukt. Dette er ei prinsipielt viktig sak for regjeringa. Selfangsten er ein integrert del av norsk sjøpattedyrpolitikk og fiskeriforvaltning. Forbodet undergrev mulegheitene vårt til å drive forsvarleg økosystembasert forvaltning av naturressursane og høvet til å handle med produkt som er hausta på ein berekraftig måte. Noreg har difor formelt bedt om tvisteløysingskonsultasjonar i WTO. Vi meiner EUs forbod mot handel med selprodukt er i strid med WTO-regelverket. Konsultasjonar er det første formelle skrittet i WTOs tvisteløysingssystem. Formålet med konsultasjonane er å undersøkje om det er muleg å finne ei løysing på denne tvisten.

IUU- Fangstsertifikat
På den andre sida bruker EU si marknadsmakt i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske, såkalla UUU-fiske.  Dette fisket utgjer ein av dei største truslane mot ei berekraftig forvaltning av dei marine ressursane på verdsbasis.   Samstundes som det undergrev bereevna til fiskebestandane, trugar dette fisket også ressursgrunnlaget til komande generasjonar  fiskarar verda over.

EU innfører no eit omfattande regime for å hindre at sjømatprodukt frå UUU-fisket kjem inn i EU-marknaden. Dette er eit viktig tiltak frå EU si side som Noreg støtter opp om. Det vil bli stilt krav om fangstsertifikat frå alle land som vil eksportere til EU. Noreg og EU-kommisjonen har vore i forhandlingar om norsk tilknyting til systemet. Her har vi fått aksept for at det norske kontroll- og landingssystemet med sluttsetlar skal vere grunnlaget for norske fangstsertifikat. Denne ordninga trer i kraft 1. januar 2010. Vi er godt budde når det gjeld den tekniske utforminga av desse sertifikata samanlikna med andre land som eksporterer sjømat til EU.

Eg trur ikkje på nokon måte at arbeidet vårt i NEAFC eller EUs fangstsertifikat er siste ordet i utviklinga av det internasjonale rammeverket for fiskeriforvaltning. Signala frå marknaden peiker i retning av auka vekt på sjømat frå berekraftige fiskeri. Det kan hende vi til og med har eit marknadsfortrinn på dette området, spesielt i EU-marknaden. Her må næringa arbeide for at vi skal vere i forkant.

Islands EU-medlemskap
Kva betyr Island sin EU-søknad for vårt forhold til EU, og då spesielt for fiskerinæringa?

Eg vil ikkje no spekulere i kva ein islandsk EU-medlemskap får å seie for norsk fiskerinæring. Vi må hugse på at Island må gjennom medlemskapsforhandlingar og folkerøystingar før vi ser det endelege resultatet.   Det er usikkert korleis EUs medlemsland vil tilnærme seg fiskeriforhandlingar med Island, og fiskeriforhandlingane mellom EU og Island vil nok bli kompliserte og vanskelege. Island må ta stilling til om dei vil akseptere at alle viktige avgjerder skal takast i Brussel. Eit punkt som kan bli særleg vanskeleg i forhandlingane er kvalfangsten. Island driv som kjend kvalfangst i dag, og det er uvisst om dei som EU-medlem vil kunne halde fram med dette. EU har som vi veit ei svært sterk haldning når det gjeld hausting av marine pattedyr, så på dette området vil nok Island møte motbakkar.

Men om og når dette ligg på plass, så vil ikkje islandsk EU-medlemskap røre ved vårt forhold til EU.  Eg vil også tru at EU vil sjå seg tent med å fortsetje EØS-avtalen. EUs syn på saka er ikkje kjendt, men så langt eg veit er det i dag ingen i EU som stiller ope spørsmål om eksistensen til EØS-avtalen. Den generelle oppfatninga er at EØS-avtalen fungerer godt.

Det er naturleg nok usikkerheit knytt til konsekvensane av ein islandsk EU-søknad for norsk fiskerinæring, men vi vil følgje nøye med i utviklinga. I mellomtida vil vi forholde oss til Island og EU på same måte som før.

Avslutning

I vår del av verda er det EU som i dag er styrande for samarbeidet mellom europeiske land. EU påverkar store deler av norsk politikk. Vi blir påverka gjennom EØS-avtalen og innlemminga av EU-regelverk i Noreg.  Vi blir også påverka gjennom EU-initiativ på politikkområde som eigentleg ”fell utanom” det formelle samarbeidet vårt med EU. Det gjeld også i fiskeri- og havbruksnæringa. Sjølv om EU utfordrar oss både på ressurs og marknadssida, er EU hovudmarknad for fiskeprodukta våre og vil framleis vere det så langt vi ser i dag. Vi må arbeide for betre marknadstilgang for norske sjømatprodukt i EU-marknaden, som er den klart viktigaste marknaden vår. I det lange løp er Noreg difor tent med eit ryddig, nært og godt samarbeid med EU også i åra som kjem.