Historisk arkiv

Samarbeid med Russland i nordområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg og Russland samarbeidar no betre enn nokon gong om å byggje opp ein levande europeisk grenseregion i nord. Dei siste åra er det skipa internasjonal semje om at regionen er ein av dei mest perspektivrike i Europa for ressursutvinning og utvikling av nye marine og landbaserte næringar.

Noreg og Russland samarbeidar no betre enn nokon gong om å byggje opp ein levande europeisk grenseregion i nord. Dei siste åra er det skipa internasjonal semje om at regionen er ein av dei mest perspektivrike i Europa for ressursutvinning og utvikling av nye marine og landbaserte næringar.

Russisk urbefolkning (c) BarentssekretariatetSamstundes har nordområda eit av dei mest sårbare økosystema på jorda. Auka aktivitet i nordområda kan difor berre skje gjennom utvikling av ny teknologi og kunnskap. Viktige haldepunkt i Noreg sitt arbeid med Nordområda er regjeringa si nordområdestrategi og kunnskapsprogrammet Barents 2020. Ei av prioriteringane i strategien er å styrkje samarbeidet med Russland i nord. Dette gjeld innafor alle dei viktigaste områda i strategien: kunnskap, miljø, petroleum og folk-til-folk samarbeid. Ein skal byggje vidare på eksisterande strukturar og samstundes utvikle nye møteplassar.

På byrjinga av 90-talet representerte Noreg si grense mot Russland det største velferdsgapet i Europa. Situasjonen er nå i rask endring på grunn av den økonomiske framgangen i Russland. Denne endringa pregar og det grenseoverskridande samarbeidet i nord, som no vert dreid frå materiell bistand og kompetanseoverføring, mot næringsbaserte partnerskap og integrert kunnskapssamarbeid. Noreg vil samstundes halde fram med sitt engasjement i det regionale samarbeidet om utvikling av det sivile samfunn, bevisstgjering om menneskerettar og sosial tryggleik.

Dei viktigaste verktyga er dei multilaterale programma i Arktisk Råd, Barentsrådet og Den nordlege dimensjon, samt det bilaterale prosjektsamarbeidet med Russland. Samarbeidet om atomtryggleik har halde fram sidan 1995 og er ein viktig del av prosjektsamarbeidet.

 

Tosidig samarbeid

UD sine løyvingar til det tosidige samarbeidet, utover atomtryggleik, har dei siste åra lege på om lag 125 mill. kroner årleg. For 2012 har UD foreslått å løyve 135 mill. kroner til føremålet. Nordvest-Russland er det høgast prioriterte området, med særleg vekt på russisk del av Barentsregionen.

Hovudføremålet med løyvinga er å utvikle eit breitt samarbeid med Russland der mellom anna erfaringsutveksling og kompetanseoverføring blir fremma. Følgjande sektorar blir prioriterte:

  • Næringsliv
  • Energi
  • Fiskeri og havressursar
  • Menneskerettar og sivilt samfunn
  • Utdanning
  • Forsking
  • Helse
  • Samarbeid mellom lokale styresmakter, institusjonar og organisasjonar som fremjar folk-til-folk-samarbeid i Barentsregionen 

 

Internasjonalt samarbeid

Noreg har eit aktivt og omfattande samarbeid med Russland i nordområda gjennom fleire multilaterale organisasjonar. Mikhail Gorbatsjov si Murmansk-tale i 1987 opna for eit internasjonalt samarbeid i nord der jarnteppet tidlegare skilde to fiendslege system. Samarbeidet er særleg aktivt i Nordvest-Russland og Austersjøområdet, men omfattar også heile det sirkumpolare området gjennom Arktisk råd.

Barentssamarbeidet kom som følgje av eit norsk initiativ med Kirkeneserklæringa i 1993 som resultat. Barentssekretariatet vart oppretta i same år. Barentssekretariatet har ei viktig rolle som forvaltar av UDs midlar (ca 30 mill.kr. årlig) til prosjekt på regionalt nivå innanfor Barentsregionen. Utdanning, næringsutvikling, kultur/velferd, miljø/helse og urfolk er viktige satsingsområde.

I 1996 vart Arktisk råd oppretta som ei utviding av det sirkumpolare miljøsamarbeidet. Noreg hadde formannskapet i perioden hausten 2006 til våren 2009. Fokus ligg på miljø- og klimaspørsmål. Mange av utfordringane er å finne i Russland som sjølv var med å styrkje rådet sitt arbeid under sitt formannskap 2004-06.

Austersjøsamarbeidet vart oppretta i 1992 og Nordisk ministerråd har sidan 1994 også arbeidd med program retta mot dei russiske nærområda. EU har sidan 1999 arbeidd med å utvikle Den nordlege dimensjonen, EU sitt instrument for samarbeid med Austersjøområdet og Nordvest-Russland. I november 2006 vart den nye Nordlege dimensjonen oppretta.  EU, Island, Russland og Noreg er no likeverdige partnerar, medan dei fire regionale råda og internasjonale finansieringinstitusjonar deltek i arbeidet.

Dei ulike organisasjonane ovanfor har sine spesialområde, men det er også ein god del overlapping dei imellom. Det vert arbeidd for å sikre ei god og effektiv koordinering, slik at organisasjonane skal kunne utfylle kvarandre. Å skape synergieffekt og meirverdi er eit sams og overordna mål.