Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve frigjevinga av professor Bandazjevski (12.08.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve frigjevinga av professor Bandazjevski (12.08.05)

Den europeiske unionen seier seg glad for at professor Juri Bandazjevski er sett fri på prøve, og håpar at dei kviterussiske styresmaktene no vil gje professor Bandazjevski høve til å gå tilbake til arbeidet sitt med følgjene av ulykka i Tsjernobyl. EU har fleire gonger uttrykt uro over fengslinga av professor Bandazjevski og minner om at unionen ved fleire høve har bede om at han og andre politiske fangar vert sette fri.

Etter det EU har kjennskap til, er professor Bandazjevski ved godt mot og god helse og ivrig etter å halde fram med forskinga si. EU håpar at professor Bandazjevski vil vere fri til å medverke med sin sakkunnskap på konferansen som skal haldast i april 2006 for å markere 20-årsdagen for ulykka i Tsjernobyl.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.