Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve våpenkvileerklæringa frå formann Prachanda i CPN(M) (08.09.2005)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve våpenkvileerklæringa frå formann Prachanda i CPN(M) (08.09.2005)

Den europeiske unionen seier seg glad for erklæringa frå CPN(M) om ei einsidig våpenkvile. EU rettar ei inntrengjande oppmoding til CPN(M) om å ta konkrete steg for å få ein permanent slutt på bruken av vald for å nå politiske mål. Unionen fordømmer maoistane sin bruk av slik vald, som har vore årsak til store lidingar og harde påkjenningar for folket i Nepal. Alle politiske krefter må no arbeide hardt for å få til ein demokratisk fundert fredsprosess som kan gje ei varig forhandlingsløysing basert på nasjonal semje, og som inneber at CPN(M) på ny vert integrert i eit demokratisk fleirparti­system.

EU bed difor innstendig om at CPN(M) gjennomfører det dei no har gjeve tilsegn om i god tru, og at regjeringa reagerer positivt og konkret, med det siktemål å byggje opp den tilliten som er nødvendig for å finne ei politisk løysing på konflikten. EU meiner framleis at ei slik løysing vil krevje bistand frå ein uavhengig og truverdig ekstern partnar og aktiv støtte frå det internasjonale samfunnet. EU er parat til å vurdere positivt alle førespurnader om bistand som dei politiske kreftene i Nepal er samde om at dei ønskjer.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.