Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Libanon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Libanon

16.01.2006

Den europeiske unionen gir si fulle støtte til Libanons stabilitet, suverenitet, sjølvstende og territoriale integritet.

Den europeiske unionen seier seg glad for utnemninga av Serge Brammertz til leiar for den internasjonale undersøkingskommisjonen som skal granske drapet på Rafik Hariri. Unionen rosar Detlev Mehlis for det eksemplariske arbeidet han har gjort som leiar for undersøkingskommisjonen, og takkar han for hans innsats for sanninga og for rettferd.

Den europeiske unionen understrekar på nytt behovet for at Tryggingsrådets resolusjonar nr. 1595, 1636 og 1644 vert følgde opp, og at Syria samarbeider fullt og heilt med undersøkingskommisjonen, utan å stille vilkår, i samsvar med dei nemnde resolusjonane.

EU uttrykkjer djup uro over drapa på uskyldige borgarar i Libanon. Unionen håpar at det vil bli kasta lys over desse brotsverka og sender ei kraftig åtvaring til gjerningsmennene og bakmennene deira.

Den europeiske unionen stadfester på nytt si fulle støtte til regjeringa til Fouad Siniora. Unionen oppmodar alle politiske krefter i Libanon til å gjere sitt for å sikre at regjeringa snarast råd gjennomfører dei reformene som er nødvendige, for ei positiv utvikling av det demokratiske Libanon som var resultatet av valet i juni 2005.

Den europeiske unionen understrekar på nytt at unionen legg stor vekt på at den libanesiske regjeringa utvidar si styringsmakt til å gjelde heile det nasjonale territoriet, og unionen oppmodar regjeringa til å halde fram med dialogen som er innleidd, i samsvar med resolusjon 1559, med sikte på avvæpning av libanesiske og ikkje-libanesiske militsgrupper.

Unionen støttar fullt ut den libanesiske regjeringas planar om å innleie forhandlingar med Syria, for å etablere ei grenselinje langs heile grensa mellom dei to landa.

EU meiner at ei fullstendig godkjenning av Libanons suverenitet og sjølvstende må stadfestast av at det blir etablert fullt diplomatisk samkvem mellom Syria og Libanon.

Den europeiske unionen stadfester på nytt si støtte til planen om å halde ein internasjonal konferanse i Beirut i 2006 om gjenreising og innføring av nødvendige reformer i Libanon. Målet med konferansen vil vere å mobilisere regional og internasjonal støtte for den libanesiske regjeringas program for økonomisk omstrukturering og politiske reformer.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.