Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om arrestasjonane i Burma/Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om arrestasjonane i Burma/Myanmar

05.10.06

EU merkjer seg med sterk uro at dei tidlegare studentleiarane Min Ko Naing, Ko Ko Gyi og Htay Kywe, som vart arresterte og internerte av styresmaktene i Burma/Myanmar på 18-årsdagen for opprettinga av Det nasjonale forbundet for demokrati (NLD) i førre veke, framleis vert haldne i forvaring. Fengslinga av to andre aktivistar 30. september, Min Zeya og Pyone Cho, har gitt ytterlegare grunn til uro.

Den europeiske unionen verdset innsatsen til ulike aktørar frå sivilsamfunnet som arbeider for å fremme fredeleg forsoning og overgang til demokrati i Burma/Myanmar. Ein dialog mellom ulike samfunnsrepresentantar er heilt nødvendig i Burma/Myanmar som i alle andre land, for å få til utvikling i landet.

EU understrekar på nytt at ein genuin demokratiseringsprosess berre kan kome som resultat av ein dialog mellom regjeringa og alle dei andre politiske kreftene og kreftene frå sivilsamfunnet i Burma/Myanmar. EU oppmodar derfor regjeringa i Burma/Myanmar til straks å setje fri dei internerte personane.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.