Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om bombinga av Imam Ali-Hadi-moskeen i Samarra (24.02.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om bombinga av Imam Ali-Hadi-moskeen i Samarra (24.02.06)

Den europeiske unionen fordømmer den kriminelle og krenkjande bombinga av Imam Ali-Hadi-moskeen i Samarra 22. februar, som har provosert fram strid mellom ulike trusretningar. Bombinga undergrev freden og stabiliteten i området og set den politiske prosessen i Irak i fare.

Dette forferdelege åtaket på ein av dei heilagaste sjiamuslimske stadane i Irak, som ikkje berre er ein heilag stad for sjiamuslimane, men òg ein del av den nasjonale kulturarven til alle irakarar, og tapa av menneskeliv i dei påfølgjande hemnaksjonane, viser at det no er absolutt nødvendig at alle grupper i Irak viser atterhald.

Den europeiske unionen gir si fulle støtte til oppmodingar frå irakiske politikarar og religiøse leiarar om å vise måtehald og ikkje gå til hemnaksjonar, og unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til irakarane om at dei no må kome saman i ein atmosfære av dialog og gjensidig respekt, noko som er ein føresetnad for å få til ei nasjonal forsoning.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.