Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om "folkerøystinga" i Transdnestr-regionen i Republikken Moldova 17. september 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "folkerøystinga" i Transdnestr-regionen i Republikken Moldova 17. september 2006

18.09.06

Den europeiske unionen er merksam på at det har vore gjennomført ei "folkerøysting" i Transdnestr-regionen i Republikken Moldova 17. september 2006. Denne "folkerøystinga" er i strid med Republikken Moldovas internasjonalt aksepterte suverenitet og territoriale integritet. EU meiner situasjonen i Transdnestr ikkje er slik at folkeviljen kan kome fritt til uttrykk. EU understrekar på nytt at unionen verken godtek avrøystinga eller resultatet av avrøystinga.

Den europeiske unionen oppmodar meklarane og observatørane som deltek i dei OSSE-leidde 5+2-forhandlingane om offentleg å gi uttrykk for same oppfatning.

Den europeiske unionen støttar fullt ut Moldovas territoriale integritet og oppmodar begge partane i konflikten om straks å vende tilbake til forhandlingsbordet i formatet 5+2 og arbeide for ei snarleg og open løysing på Transdnestr-konflikten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.