Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om forslag til grunnlovsendringar i Ukraina (27.01.04)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegne av Den europeiske unionen om forslag til grunnlovsendringar i Ukraina (27.01.04)

På bakgrunn av det tilstundande presidentvalet i Ukraina seier Den europeiske unionen seg djupt uroa over hendingane i det ukrainske parlamentet (Verkhovna Rada) den 24. desember 2003 under den første førehavinga av ein serie viktige grunnlovsendringar.

Den europeiske unionen godtek at Ukraina som suveren stat fritt kan endre det institusjonelle systemet sitt etter dei framgangsmåtar som er nedfelte i grunnlova, men er redd at dei føreslegne grunnlovsendringane under dei rådande politiske tilhøva kan gå ut over veljarane sin tillit til det representative demokratiet i Ukraina, særleg i eit valår. For at grunnlovsendringar skal vere legitime, bør målsetjingane ha reell støtte i folket.

Den europeiske unionen ønskjer å utvikle tilhøvet til Ukraina, og vil følgje nøye med på utviklinga i denne saka under den føreståande (femte) sesjonen i Verkhovna Rada. Som EU klart understreka på toppmøtet mellom EU og Ukraina i Jalta den 7. oktober 2003, ser Den europeiske unionen det som avgjerande at presidentvalet går føre seg under reelt frie, rettferdige og opne forhold. Difor meiner EU at all debatt om grunnlovsendringar med sikte på å forandre framgangsmåten ved val av president må skiljast frå det føreståande valet.

Den europeiske unionen oppmodar Ukraina om å ta imot tilbodet frå Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) om vidare samarbeid om grunnlovsendringar.

Unionen vil følgje nøye med på korleis presidentvalkampen går føre seg og korleis sjølve valet vert avvikla.

Dei tiltredande landa Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Den slovakiske republikken, Slovenia, Den tsjekkiske republikken og Ungarn, søkjarlanda Bulgaria og Romania, landa som er omfatta av stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), sluttar seg til denne erklæringa.