Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om parlamentsvalet i Ukraina (29.03.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om parlamentsvalet i Ukraina (29.03.06)

Den europeiske unionen er tilfreds med dei førebelse konklusjonane frå det OSSE/ODIHR-leidde internasjonale valobservatørsendelaget til valet til Verkhovna Rada i Ukraina 26. mars 2006. Sendelaget konkluderte med at valet var fritt og rettferdig, og at det var ei konsolidering av det demokratiske gjennombrotet i Ukraina.

Den europeiske unionen seier seg glad for dette valet, som viser at det er eit ekte engasjement for ein demokratisk prosess i Ukraina. Det gav folket høve til å velje mellom klare alternativ, basert på informasjon, og til fritt å gi uttrykk for sin vilje ved valurnene, på ein open og rettferdig måte. Folket i Ukraina har gjort demokratiet til sin eigedom. Dette er ein milestolpe i den demokratiske valprosessen som begynte med dei politiske hendingane rundt det ukrainske presidentvalet i 2004. Rada-valet i Ukraina set ein ny og svært velkommen standard for val i heile regionen.

Men Den europeiske unionen har òg merkt seg dei relativt få tilfella av i hovudsak tekniske manglar som valobservatørsendelaget har peika på. Unionen oppmodar dei relevante ukrainske styresmaktene til å rette på dette og sørgje for at det ikkje dukkar opp slike problem ved framtidige val.

Den europeiske unionen ser fram til å arbeide vidare med å utdjupe partnarskapet med Ukraina. Dette partnarskapet byggjer på felles verdiar som kjem til uttrykk i kvaliteten på Ukrainas demokrati og reformer. Valet og den påfølgjande skipinga av ny regjering vil utgjere eit sterkt fundament for det vidare arbeidet med nøkkelreformer for å styrkje rettsstaten, forandre samfunnet og styrkje marknadsøkonomien, m.a. ved å gjennomføre dei tiltaka som er nødvendige for at Ukraina skal kunne bli medlem av Verdshandelsorganisasjonen så snart råd er. Den europeiske unionen er parat til å hjelpe Ukraina med desse reformene.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.