Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om saka til Mahmadruzi Iskandarov i Tadsjikistan (22.03.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om saka til Mahmadruzi Iskandarov i Tadsjikistan

EU har følgt nøye med på den rettslege prosessen mot Mahmadruzi Iskandarov, leiaren for opposisjonspartiet Tadsjikistans demokratiske parti, sidan han vart arrestert i Moskva i desember 2004.

EU har merkt seg at Tadsjikistans høgsterett dømde han til fengsel i 23 år for fleire forhold 5. oktober 2005, og at anken hans vart avvist av Kollegiet for straffesaker 18. januar 2006.

EU er særleg uroa over omstenda rundt Iskandarovs overføring til og pågriping i Tadsjikistan i april 2005, som framleis er uklare, og over behandlinga Iskandarov fekk i fengselet i perioden før rettssaka tok til. Iskandarovs forsvararar sette òg spørsmålsteikn ved visse sider av sjølve rettssaka, og ved den kjensgjerninga at ankeprosessen nyleg ikkje var open for pressa. EU ønskjer å få fleire opplysningar om desse spørsmåla.

EU ber styresmaktene i Tadsjikistan om å sørgje for at Iskandarovs familie og advokatane hans får høve til å vitje han regelmessig, i samsvar med tadsjikisk lov.

Dei uklare omstenda rundt pågripinga av Iskandarov og visse sider ved interneringa og rettssaka sender eit blanda signal om demokratisk reform og respekten for menneskerettane i Tadsjikistan i høve til det landet har forplikta seg til innanfor ramma av OSSE og i andre internasjonale samanhengar.

EU vil framleis følgje situasjonen nøye. EU oppmodar regjeringa i Tadsjikistan om å respektere menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane, og styrkje rettsstaten og den demokratiske reformprosessen. EU ber Tadsjikistan innstendig om å auke innsatsen på slike viktige område, og unionen står parat til å hjelpe landet med dette.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.