Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om samtalane i Abuja (30.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om samtalane i Abuja (30.11.05)

Den europeiske unionen (EU) seier seg glad for at dei inter-sudanske fredssamtalane om Darfur vart tekne opp att 29. november i Abuja i Nigeria. EU oppmodar alle partar til å forhandle på ein fleksibel og konstruktiv måte og med ei klar forståing av at det hastar, for å få til ein fredsavtale innan 31. desember, som er den tidsfristen FNs tryggingsråd har sett. EU understrekar på nytt si sterke støtte til fredsprosessen i Abuja og til meklingsgruppa under leiing av Den afrikanske unionen. EU ser fram til at representantar for SPLM skal vere til stades for første gong i neste runde av samtalane.

EU uttrykkjer òg sterk uro over den stadige og kroniske mangelen på respekt som både SLM/A og den sudanske regjeringa viser for dei avtalane dei har underteikna. EU fordømmer den vedvarande valdsbruken, og særleg drapa på medlemmer av styrken frå Den afrikanske unionen 8. oktober. EU ber innstendig alle sider i konflikten om å halde sine styrkar under kontroll, respektere folkeretten og overhalde N'Djamena-avtalen om våpenkvile og Abuja-protokollane. EU merkjer seg at FNs tryggingsråd har gjeve sitt samtykke til bruk av målretta sanksjonar mot dei som er ansvarlege for ugjerningar, og unionen vil gje si fulle støtte til bruken av slike tiltak.

EU seier seg glad for at det 30. oktober vart skipa ein evalueringskommisjon (AEC) som skal overvake gjennomføringa av den samla fredsavtalen (CPA). EU merkjer seg med uro at gjennomføringa av avtalen ligg etter tidsskjemaet, og unionen oppmodar alle politiske krefter i Sudan om å medverke til ein snarleg overgang til fred over heile landet, innanfor ramma av den samla fredsavtalen. Den europeiske unionen understrekar på nytt sitt engasjement for ei rask og bærekraftig løysing på konflikten i Darfur, og for eit fredeleg, velståande og demokratisk Sudan.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.