Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om val i Zambia (06.10.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om val i Zambia (06.10.06)

Den europeiske unionen seier seg glad for at det blei halde demokratiske tredelte val i Zambia 28. september 2006, og at folket i Zambia slutta så heilhjarta opp om den demokratiske utviklinga, noko som kom til uttrykk i den store valdeltakinga. Den europeiske unionen gratulerer president Levy Mwanawasa med valsigeren og med den andre mandatperioden hans som president for Republikken Zambia, og gratulerer dei parlamentsmedlemmene og representantane på lokalt nivå som er valde. Den europeiske unionen oppmodar alle kandidatane og dei politiske partia om å respektere resultatet av den demokratiske prosessen.

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at valet etter vurderingane til dei internasjonale observatørane, og særleg etter den førebels vurderinga til valobservatørkorpset frå Den europeiske unionen, i det store og heile har gått fredeleg føre seg og vore godt organisert. Røystinga gjekk stort sett føre seg under rolege og ordna tilhøve, og oppteljinga av stemmene var open. Det at valkommisjonen opptredde sjølvstendig og profesjonelt har skapt tillit til prosessen. Den europeiske unionen merkjer seg den viktige og positive rolla som organisasjonane i det sivile samfunnet spelte før og under valet. Slik Den europeiske unionen ser det, utgjer valet for regionen og for kontinentet enno eit positivt døme på deltakande demokrati sett ut i livet: eit område som er svært viktig for både AU og EU.

Sjølv om det har vore ei markert betring i måten vala er blitt gjennomførte på, står det enno utfordringar att. Det juridiske rammeverket treng framleis å forbetrast og reformerast, samstundes som likeverdige føresetnader må garanterast. Dessutan er talet på kvinnelege kandidatar framleis ekstremt lågt.

Den europeiske unionen gjev på nytt uttrykk for at dei er fast bestemte på framleis å støtte Republikken Zambia i arbeidet for å styrkje dei demokratiske prosessane, fremje eit godt styresett og kjempe mot korrupsjon og fattigdom.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* >Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.