Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Liberia (11.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Liberia (11.11.05)

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at valet i Liberia 8. november stort sett gjekk føre seg på fredeleg vis, og at valdeltakinga var høg.

Vi seier oss glade for den generelt gode organiseringa av valet frå den nasjonale valkommisjonen si side, og for støtta frå FNs fredstryggjande styrke i Liberia, som m.a. medverka til å skape ein trygg og fredeleg atmosfære rundt valet. Vi rosar begge partane for deira framferd både under valkampen og på sjølve valdagen.

Dette presidentvalet er eit viktig steg framover i arbeidet med å gjere Liberia til ein normalt fungerande stat igjen. Den europeiske unionen rosar folket i Liberia for å ha vist eit klart engasjement for fred og demokrati og eit ønskje om å leggje bak seg den konfliktfylte perioden som landet har gjennomgått.

Den europeiske unionen oppmodar kandidatane, partia deira og tilhengjarane til å halde fram med å vise den same ansvarlege haldninga som dei har vist under valkampen og avrøystinga, og til å rette seg etter dei fastsette prosedyrane. EUs valobservatørsendelag vil bli verande i Liberia for å overvake det som står igjen av valprosessen, m.a. prosedyrane for overprøving og klager.

Den europeiske unionen stadfester på nytt sitt ønske om å støtte Liberia på vegen mot ei stabil demokratisk framtid og samarbeide med den demokratisk valde presidenten og regjeringa i landet. Den europeiske unionen nyttar også dette høvet til på nytt å understreke kor viktig det er at den nye regjeringa, Senatet og Representanthuset fullt ut samarbeider med det internasjonale samfunnet for å sikre at den førre presidenten, Charles Taylor, vert stilt for spesialdomstolen for Sierra Leone.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.