Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Liberia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Dato: 14.10.2005
Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Liberia
Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at valet i Liberia 11. oktober etter vurderingane til dei internasjonale observatørane, og særleg etter den førebelse vurderinga til EUs valobservatørkorps (EU EOM), så langt har gått fredeleg føre seg og i det store og heile vore godt organisert. Valet er eit viktig steg framover for prosessen med å gjere Liberia til ein normalt fungerande stat igjen. Den europeiske unionen rosar folket i Liberia for at dei har møtt så mannsterkt fram og vist eit klart engasjement for fred og demokrati og eit ønskje om å leggje bak seg den konfliktfylte perioden som har plaga landet deira.
Den europeiske unionen oppmodar alle politiske krefter om å halde fram med å vise den ansvarlege haldninga dei har vist i prosessen så langt, og akseptere den demokratiske avgjerda til folket i Liberia. Den europeiske unionen stadfester på ny sin intensjon om å støtte Liberia på vegen fram mot ei stabil demokratisk framtid. EUs valobservatørkorps vil framleis vere til stades i landet, for å observere det som står att av valprosessen, inkludert ein ny valomgang dersom dette vert naudsynt.
Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.