Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om valet i Mauritania (28.11.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Mauritania (28.11.06)

Den europeiske unionen seier seg glad for at lokalvala og den første omgangen av parlamentsvala i Mauritania 19. november 2006 blei gjennomførte på roleg og fredeleg vis. Dette er stadfesta av EUs valobservatørsendelag.

Den europeiske unionen rosar styresmaktene for å ha gjort det mogeleg for dei mauritanske veljarane å uttrykkje sin politiske vilje i heilt frie og opne val for første gong. Den høge valdeltakinga vitnar om at det mauritanske folket har eit djupt ønske om å byrje på eit nytt kapittel i landet si historie og å leggje til rette for å skape eit nytt demokrati. Den aktive deltakinga frå kvinnelege veljarar og valkandidatar er enno ein grunn til å vere nøgd.

Den europeiske unionen er glad for å kunne konstatere at styresmaktene heldt løftet sitt om å halde seg nøytrale under valkampen og under sjølve valet. Med tanke på dei vanskelege tilhøva i Mauritania og mangelen på erfaring og opplæring, viste den tekniske gjennomføringa av valet seg å vere fullgod.

EUs langsiktige valobservatørsendelag, som var til stades for første gong, sytte for at vala blei opne.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia- Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, i tillegg til Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.