Historisk arkiv

Slutterklæring frå EU-formannskapet under den fjerde sesjonen av forsamlinga av statar som er medlemmer av Den internasjonale straffedomstolen (03.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Slutterklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen under den fjerde sesjonen av forsamlinga av statar som er medlemmer av Den internasjonale straffedomstolen (03.12.05)

President.

Eg vil gjerne få kome med ei kort erklæring på vegner av Den europeiske unionen. Eg vil begynne med å minne om erklæringa som eg hadde den ære å presentere på vegner av Den europeiske unionen ved opninga av sesjonen for forsamlinga av medlemsstatar dette året. Eg sa da at EU såg fram til å ta fatt på forsamlingas dagsorden. Vel, president, vi har alle måtta arbeide hardt denne veka. Og eg vil særleg takke deg, president, for den eksemplariske måten du har leia arbeidet på under denne første forsamlinga di som president. Eg vil òg gjerne få rose alle leiarane for arbeidsgruppene for effektivt arbeid og vennleg framferd.

President, vi har kome fram til konklusjonar når det gjeld oppretting av eit kontor i New York, om eit forvaltningsfond for ofra og ein atferdskodeks for forsvaret etter hardt arbeid i arbeidsgruppene mellom sesjonane. President, vi er nøgde med at det vert vedteke eit regelverk for forvaltningsfondet, slik at fondet no aktivt kan kome ofra til nytte. Atferdskodeksen vil gi forsvarsadvokatane eit etisk rammeverk å halde seg til. Vi har oppnådd semje om eit budsjett på eit grunnlag som er tilfredsstillande for alle. Ei rekkje viktige spørsmål har vorte behandla i omnibus-resolusjonen og relaterte resolusjonar. Og vi har vorte einige om eit vegkart for arbeidet framover med definisjonen av aggresjonsbrotsverk, som vi håpar skal føre til ei løysing som alle kan godta. Vi har òg arbeidd vidare med spørsmålet om ein fast tilhaldsstad for domstolen, og vi set stor pris på den viktige fråsegna som representantane frå vertsnasjonen kom med i går morgon. Så vi ser nøgde tilbake på veka som gjekk.

I den førre erklæringa mi sa eg at dette året har vore eit imponerande år for straffedomstolen. Det er kanskje lett å oversjå kor stort det er at 100 land har ratifisert Roma-vedtektene i løpet av denne korte perioden. Dette året har vi også hatt den første tilvisinga frå Tryggingsrådet, og dei første arrestordrane har vorte utskrivne. Vi kan derfor med rette seie at domstolen er oppe og går.

Det er kanskje verdt å leggje fram visjonen EU har for domstolen. Den uavhengige stillinga til aktor og, sjølvsagt, dommarane er eit grunnleggjande element i domstolens arbeid. Vi er svært glade over å kunne konstatere at aktor og dommarar er merksame på kor viktig dette er. Det er vidare ei plikt for alle medlemsstatane å sørgje for at denne uavhengige stillinga vert respektert. Vi har òg tillit til at kontoføraren og hans medarbeidarar vil halde fram med å passe på at bidraga statane gir til domstolen vert brukte på ein effektiv og forsvarleg måte.

Men president, det er ikkje slik at medlemsstatane berre kan lene seg tilbake og overlate til domstolen å gjere jobben. Tvert om. Alle medlemsstatane er forplikta til å samarbeide med domstolen, for at domstolen skal kunne gjennomføre dei viktige oppgåvene han har. Og det viktige komplementaritetsprinsippet legg eit stort ansvar på medlemsstatane. Vi ser òg fram til at det vert slutta fleire avtalar mellom medlemsstatane og domstolen om grunnleggjande spørsmål som informasjonssamarbeid, flytting av vitne og handheving av dommar. Vidare er det viktig at medlemsstatane betaler dei fastsette bidraga fullt ut og i rett tid.

President, domstolen har i løpet av svært kort tid vorte ein etablert del av det internasjonale samfunnets struktur. Det i seg sjølv gir oss god grunn til å vere optimistar, og til å tru at det med tida vil verte slutt på at brotsverk kan gjerast ustraffa.

President, eg vil enda ein gong takke deg, leiarane for arbeidsgruppene og alle dei som har arbeidd hardt for å sikre at forsamlinga fungerte effektivt, inkludert tolkane og staben til leiaren for forsamlinga. Vi ser fram til det neste året for verksemda til domstolen med stor optimisme.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.