Informasjonsskriv om klede og gjenstandar i kista ved gravlegging og kremasjon

Departementet har på bakgrunn av innspel frå Gravferdsrådet utarbeidd eit informasjonsskriv om bruk av klede og gjenstandar i kista i samband med gravferd og kremasjon.

Departementet har på bakgrunn av innspel frå Gravferdsrådet utarbeidd eit informasjonsskriv om bruk av klede og gjenstandar i kista i samband med gravferd og kremasjon. Nokre klestypar kan skape liknande problem som ved ”plastgraver”, sjå rundskriv V-18N 2008 Plastgraver – ei orientering. I samband med kremasjon er det viktig at det ikkje er noko i kista som kan medføre fare for personalet, miljøet eller omnen.

Gravferdsforskrifta har krav om at kista og innhaldet skal kunne brytast ned innanfor fredingstida som gjeld for gravplassen, og brenning i kremasjonsomn skal kunne skje utan å gje skadelege gassar eller skade omnen, jf. gravferdsforskrifta § 29 første ledd. Av omsyn til faren for eksplosjon er det også krav om at hjartestimulator (”pacemaker”) og tilsvarande implantat skal vere operert ut av kroppen før kremasjon, jf. gravferdsforskrifta § 33 første ledd.

Informasjonsskrivet, som følgjer vedlagt på nynorsk og på bokmål, blir sendt til dei lokale gravplassforvaltingane. Det kan delast ut til aktuelle instansar og institusjonar slik som til dømes gravferdsbyrå på staden, sjukeheimar og liknande helseinstitusjonar.

Med helsing

 

Ingrid Vad Nilsen (e.f.)
ekspedisjonssjef 
Kristian Skjeldal
seniorrådgjevar

Vedlegg