Prop. 113 S (2014-2015)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Nye materiellprosjekt for godkjenning

3.1 Investeringar til Hæren

Hæren skal ha ein høg grad av tilgjengelegheit for nasjonal og internasjonal krisehandtering. Brigade Nord er Hæren sitt hovudelement i det mobile landforsvaret, og brigaden skal kunne gjennomføra opp til høgintensive, mekaniserte landoperasjonar med støtte frå andre forsvarsgreiner og allierte. Hæren har dei siste åra blitt styrkt både når det gjeld personell og materiell. Kampkrafta er auka med anskaffinga av nye våpensystem, køyrety og personleg utrusting.

Ved Stortinget si handsaming av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vart det vedteke at dei mekaniserte manøverbataljonane, ein i Troms og ein i Østerdal garnison, skulle utviklast vidare og styrkjast. Dei mekaniserte bataljonane er robuste, har god tilgjengelegheit for bruk i alle typar militære operasjonar og dannar kjernen i kvar sin bataljonsstridsgruppe. Dette aukar Forsvaret si evne til å bidra med brigadekapasitetar i alle typar operasjonar i inn- og utland.

Hæren sitt viktigaste våpensystem for den spisse enden er kampvogner av typen CV-90 og stridsvogner av typen Leopard 2. Begge våpensystema inngår i brigaden sine mekaniserte bataljonar. I tillegg er eigevern for å forsvare manøveravdelingane mot luftangrep eit viktig operativt element for å mogleggjere eigne landoperasjonar. Gjennom mellom anna Prop. 1 S (2014–2015) vart Stortinget orientert om to planlagde tiltak, oppgradering av eksisterande Leopard 2-stridsvogner og anskaffing av eit nytt kampluftvernsystem. Det fyrste elementet nemnd ovanfor, kampvogn CV-90, vart som kjent vedteke oppgradert ved Stortinget si handsaming av Innst. 387 S (2011–2012), jf. Prop. 93 S (2011–2012) Pansra køyrety til Hæren. Oppgraderinga av CV-90 skjer no hjå leverandøren, og alle køyretya skal vera leverte til Hæren i løpet av 2018.

3.2 Hovudkampsystem Leopard 2

Hæren har i dag 52 stridsvogner av typen Leopard 2 A4NO som vart kjøpt brukt frå Nederland og teke i bruk frå 2003. Vognene vart gjeve ei avgrensa tilpassing til norske krav og behov. Av dei 52 vognene er 46 tekne i bruk i tråd med justert operativ struktur, medan dei siste seks vognene vert nytta som delevogner.

Stridsvognene som kom frå Nederland vart bygd tidleg på 1980-tallet og er ikkje oppgradert seinare, med unntak av den avgrensa tilpassinga til norske krav og behov. Sidan vognene vart produserte, har det vore ei betydeleg militærteknologisk utvikling, spesielt innanfor digitalisering, sensorar og mine- og ballistisk vern.

Hæren sine Leopard 2 A4NO vil utan oppgradering i utgangspunktet nå sin tekniske levealder innan 2020. Ei rekkje av delsystema i vogna treng før det oppgradering eller utskifting. For å kunne oppretthalda, vidareutvikla og styrkja dei mekaniserte kampbataljonane, er det identifisert eit kritisk behov for å modernisera stridsvognene innan 2020 for å møta framtida sine konvensjonelle og asymmetriske trugslar. Ei modernisering av stridsvogn Leopard 2 bøter på eksisterande manglar i strukturen.

Hovudkampsystemet Leopard 2 er ein føresetnad for dei mekaniserte kampbataljonane sin stridseffektivitet gjennom ein kombinasjon av mobilitet, vern og eldkraft. Konfliktar det siste tiåret har stadfesta at eit slikt system er effektivt både mot konvensjonelle styrkar og asymmetriske truslar. Teknologisk har det av fleire nasjonar vore satsa store summar på å utvikla ei erstatning for denne kapasiteten, men i dag er situasjonen den at andre samanliknbare nasjonar moderniserer sine stridsvogner tilsvarande det prosjektet som no er føreslege godkjend.

Gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vart det vedteke ein struktur for Hæren med ei vidareføring av dei to mekaniserte bataljonane i Brigaden. Kvar av desse bataljonane har ein stridsvogneskadron med fire stridsvogntroppar, som vil seie 18 vogner pr. eskadron. Samla gjev dette eit behov for 36 stridsvogner i Hæren. I tillegg kjem eit behov for to vogner for utdanning. Prosjektet skal difor modernisera i alt 38 stridsvogner slik at dei kan vera i drift med tilstrekkeleg kampkraft fram mot 2040. Løysinga skal vera basert på arven av Leopard 2 A4NO, ved å vidareutvikla mine- og ballistisk vern, auke eldkrafta, installera nye sensorar og digitalisera systema.

Ei moderne stridsvogn kan nedkjempa dei fleste typar mål ut til 5 000 meter, samstundes som ho er godt beskytta og har god mobilitet i terrenget. Gjennom kampvognprosjektet moderniserast CV-90-vognene. Ei manglande modernisering av stridsvognene vil gje ein hærstruktur i teknologisk ubalanse. Dette vil føre med seg ei svekking av systemet som heilheit, til dømes at stridsvognene ikkje er digitaliserte slik at dei kan inngå effektivt i ein nettverksbasert struktur. Vidare vil dei mellom anna mangla sensorar som gjer at dei effektivt kan nytta våpna si rekkjevidde, spesielt i mørket. Utan ei modernisering av vernet, vil stridsvognene vera sårbare både mot moderne stridsvogner, berbare panservåpen og miner. Den planlagde moderniseringa av stridsvognene vil avhjelpa manglar på desse områda, og gje Hæren ein teknologisk balansert struktur. Dette sikrar vidare at strukturen ikkje har vesentlege veikskapar som kan verta nytta av ein motstandar. Ei anna stor utfordring ved å vidareføra kapasiteten utan modernisering, vil vera låg operativ tilgjenge på grunn av stort vedlikehaldsbehov og manglande tilgang på reservedelar.

Moderniseringa omfattar òg skifte av rettesystem frå hydraulisk til elektrisk drift og installering av aggregat for hjelpestraum. Dette er to viktige område som åleine vil kunne bidra til betydelege innsparingar på vedlikehald og drivstofforbruk. Vidare skal det mellom anna innførast eit nytt termisk sikte for skyttar og vognkommandør med laser avstandsmålar, digitalisert eldleiingssystem for å kunne verka i det nettverksbaserte forsvaret, innvendig splintvern samt førebuing for ettermontering av mine- og ballistisk vern. Ei mindre mengd av vognene vert leverte med ekstra tilleggsvern for å gje auka beredskap for internasjonale operasjonar.

Den overskytande arven på 14 vogner er inntil vidare planlagt lagra for framtidig modernisering. Alternativt vert dei gjort tilgjengelege til reservedelar eller for ombyggjing til andre spesialvariantar av stridsvogner, til dømes bruleggjar eller ingeniørvogn. Det vert og planlagt at to vogner skal kunne nyttast til museale føremål.

Hovuddelen av materiellet vil verta framskaffa frå utanlandske leverandørar.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Ekstern kvalitetssikrar har konkludert med at stridsvogner framleis er ein relevant kapasitet for Forsvaret, og at prosjektet framstår som nøkternt, balansert og framtidsretta. Det vert vidare peika på at prosjektet sin kontraktstrategi ikkje er godt nok omtala og at det er manglar ved omtale av styringa og organiseringa av prosjektet. Forsvarsdepartementet vil følgje opp desse forholda i si vidare styring av prosjektet og syte for at dei usikkerheitsreduserande tiltaka, som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd, vert fylgt opp innan prosjektet vert sett i gong.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 2 680 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 38 mill. kroner.

3.3 Kampluftvern til Hæren

Grunnstamma i Hæren si største operative avdeling, brigaden, er dei to mekaniserte manøverbataljonane og ein lett infanteribataljon. Ein brigade sine manøveravdelingar og dei taktiske støtteressursane, til dømes artilleri og luftvern, gjer at han kan gjennomføra kombinerte og samansette oppgåver. Hæren har i dag ikkje noko luftvern, og difor heller ingen kapasitet til å gje direkte luftvernstøtte til brigaden sine manøveravdelingar i bevegeleg strid. Naudsynt lokal kontroll i lufta er ein føresetnad for å lukkast i strid.

Lufttrugselen mot brigaden er mangesidig, og inneheld scenario innanfor heile spekteret av konfliktar, frå låg til høg intensitet. I ein operasjon vil trugslane kunne opptre gjennom heile konfliktspekteret, og utfordra brigaden sin evne til å opptre med fleksibilitet og evne til å halde ut. I vidaste forstand kan nedkjemping av alle lufttrugslar bli ei oppgåve for luftvernet – frå prosjektilar og rakettar og til bomber og taktiske og interkontinentale ballistiske missilar.

Ein lufttrugsel kan vera ei flygande plattform som ber våpen eller sensorar for rekognosering. Det kan òg vera våpen leverte gjennom lufta frå bakken. Eit luftvernsystem vil tvinga motparten til å levera våpen på lang avstand. Dette krev mellom anna at motparten må ha eit høgt teknologisk nivå og god dekning med sensorar.

For å overleva, og samstundes sikra eigen fridom til å operera, har brigaden difor behov for vern mot åtak førde fram gjennom lufta, i alle typar operasjonar og i heile konfliktspekteret, nasjonalt og internasjonalt.

Prosjektet skal etablera eit kampluftvernbatteri i Hæren, og vil mellom anna bruka opp att eksisterande og allereie innarbeidde løysingar i Forsvaret. Luftvernbatteriet vil bestå av ulike troppar for eldleiing, korthaldsluftvern, luftvern med middelslang rekkjevidde og naudsynte stabsfunksjonar for leiing og logistikk.

Korthaldsluftvernet skal operera IRIS-T-missilar som vert overførde frå Luftforsvaret, medan luftvern for middelslang rekkjevidde vil operera eit NASAMS-system med AMRAAM-missilar – også dei overførde frå Luftforsvaret. Totalt sett gjev dette eit godt luftvern for brigaden sine operasjonsområde. Hæren vil sjølv operera kampluftvernbatteriet med eige personell. Anskaffinga av kampluftvernbatteriet er planlagt gjennomførd dels ved bruk av vederlagsfri overføring av eksisterande materiell, til dømes NASAMS, AMRAAM- og IRIS-T-missilar, og dels ved kjøp av nytt materiell, til dømes eldleiing til troppane for korthaldsluftvern og køyrety for korthaldsmissila. Kostnadane for kjøp av eldleiing, systemdesign og produksjon av korthaldsluftverneiningane svarar for meir enn helvta av totalkostnaden for prosjektet. Den andre store kostnaden i prosjektet er kjøp av pansra køyrety.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Ekstern kvalitetssikrar uttalar at prosjektet er tilstrekkeleg gjennomarbeidd, men at Forsvaret sin prosjektmodell er slik at sentrale element i prosjektutviklinga fyrst vert avklara etter at prosjektet får eit oppdrag om gjennomføring. Dette gjeld mellom anna organisering, kontraktstrategi og kommersielle og organisatoriske grensesnitt.

Forsvarsdepartementet vil følgja opp desse forholda i si vidare styring av prosjektet og samstundes syta for at dei usikkerheitsreduserande tiltaka, som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd, vert fylgt opp innan prosjektet vert sett i gong.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 900 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 30 mill. kroner.

3.4 Mellomløysing Ula-klasse ubåtar

Dei seks ubåtane i Ula-klassen vart tekne i bruk av Forsvaret i perioden 1989–1992. Ubåtane har ein teknisk levealder som er berekna til om lag 30 år. Stortinget vart i Prop. 1 S (2014–2015) informert om at det går føre seg eit arbeid i prosjekt 6345 Vidare oppdatering av Ula-klasse ubåtar. Føremålet er å betra tryggleiken ombord på fartya, og sikra at Ula-klassen vert halden operativ fram mot 2020.

I samanheng med dei konseptuelle studiane som er gjort i samband med framtidig ubåtkapasitet, er det gjort omfattande vurderingar av den tekniske tilstanden på fartya i Ula-klassen. Konklusjonen er at ubåtane kan haldast teknisk tilgjengelege fram mot perioden 2025–2028. Det vil krevja at det vert utførd oppdateringar, utskifting av ukurante delar og anskaffing av fleire reservedelar til systema ombord.

For å handsame denne oppdateringa, er det etablert eit prosjekt Mellomløysing Ula-klassen. Prosjektet er òg ein føresetnad for å realisera ein framtidig ubåtkapasitet gjennom ei nyskaffing av ubåtar frå midten av 2020-talet. Mellomløysinga vil bidra til at Noreg opprettheld ein kontinuerleg ubåtkapasitet, og den legg til rette for innføring av ein ny kapasitet.

Prosjektet inneber ei naudsynt oppdatering av fire av dagens seks Ula-klasse ubåtar. Dette inneber at det frå 2022 vil vera fire Ula-klasse ubåtar i drift, og at desse gradvis er planlagt erstatta av nye ubåtar.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 529 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 27 mill. kroner.