Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avgjerda til den pakistanske regjeringa om å respektere avgjerda til høgsterett om å setje inn att leiaren for høgsterett Iftikar Chaudhry (25.07.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

På vegner av EU seier formannskapet seg glad for avgjerda til den pakistanske regjeringa om å respektere avgjerda til høgsterett om å setje inn att leiaren for høgsterett Iftikar Chaudhry. Uavhengige domstolar og rettsstatsprinsippa er viktige demokratiske element. EU håper at Pakistan framleis vil halde seg til desse prinsippa på vegen mot større legitimitet for dei politiske institusjonane og ei konsolidering av demokratiet, særleg i lys av det kommande valet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.