Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den seinaste utviklinga i Burundi (04.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg glad for den politiske utviklinga i Burundi den seinaste tida og den harmoniske stemninga som synest å herske der. Den talen presidenten heldt til nasjonen 27. september, legg grunnlaget for ei open og inkluderande maktutøving som vil komme heile det burundiske folket til gode.

Den europeiske unionen oppmodar difor alle dei politiske partane i Burundi om å reagere positivt på denne utviklinga/meldinga frå statsoverhovudet, slik at institusjonane kan fungere korrekt og effektivt.

Unionen håper det nye grunnlaget vil gjere parlamentet og regjeringa i Burundi i stand til å handtere dei presserande utfordringane som er knytte til god økonomisk styring. Dei bør òg oppmode Palipehutu-FNL om straks å slutte seg til dei institusjonane som blei oppretta ved avtalane av 7. september 2006.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.