Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga i Republikken Fijiøyane (21.06.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på at unntakstilstanden i Republikken Fijiøyane er oppheva.

Den europeiske unionen ser positivt på at unntakstilstanden i Republikken Fijiøyane er oppheva. Dette er eit viktig steg på vegen attende til demokrati og mot å gjennomføre dei forpliktingane overgangsregjeringa gjekk med på under konsultasjonane 18. april 2007 mellom Den europeiske unionen og Fiji i samband med artikkel 96 i Cotonou-avtalen.

Den europeiske unionen understrekar på nytt at den militære maktovertakinga i Fiji, som fann stad 5. desember 2006, er eit brot på dei grunnleggjande elementa i artikkel 9 i Cotonou-avtalen: menneskerettar, demokratiske prinsipp og rettsstatsprinsippa.

Fiji og EU blei 18. april samde om forpliktingane som skulle gjenopprette situasjonen. EU vil halde fram dialogen med overgangsregjeringa i same ånd som Cotonou-partnarskapen for å støtte opp om og sikre at alle forpliktingane ein var samde om 18. april, blir oppfylde, særleg dei som gjeld vedtak om eit vegkart for demokratiske val.

EU følgjer denne saka nøye og seier seg glad for framgangen i samtalane i Pacific Islands Forum om dette og sluttføringa av arbeidet til dei uavhengige valekspertane. EU understrekar på nytt at dei er klare til å støtte dei viktigaste forpliktingane både økonomisk og ved å stille ekspertise til rådvelde.
EU understrekar at samarbeidet med den fijianske overgangsregjeringa er heilt avgjerande for at EU skal kunne halde fram med å hjelpe Fiji med utviklinga. Når ein ser på det positive resultatet av konsultasjonane, basert på det som Republikken Fijiøyane har forplikta seg til, gjennomføringa av dette og at samtalane held fram, vil EU om kort tid vurdere passande tiltak i samsvar med Cotonou-avtalen.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.