Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Komorane (20.06.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen er uroa over korleis situasjonen i Komorane har utvikla seg.

Den europeiske unionen er uroa over korleis situasjonen i Komorane har utvikla seg og tek avstand frå den kjensgjerninga at dei anjouanske styresmaktene heldt første omgang av presidentvalet på den sjølvstyrande øya Anjouan, trass i at unionsregjeringa hadde vedteke å utsetje valet til 17. juni 2007.

Den europeiske unionen gjev sin tilslutnad til den erklæringa der Den afrikanske unionen peikar på at styrkane deira hadde som oppgåve å sikre tryggleiken under valet og tryggleiken til dei internasjonale observatørane, og at det valet som dei anjouanske styresmaktene heldt utan at desse styrkane var til stades, ikkje er gyldig.

Den europeiske unionen støttar dei forsøka Den afrikanske unionen i samarbeid med dei andre representantane frå verdssamfunnet i Komorane, har gjort på å forhandle med dei anjouanske styresmaktene for å løyse denne krisa og å halde eit demokratisk val på Anjouan.

Den europeiske unionen oppmodar dei komoriske partane til med verdssamfunnet si hjelp å finne ei fredeleg løysing på konfliktane om makta til unionen og dei sjølvstyrde øyane og å sikre at den nasjonale einskapen blir oppretthalden. EU ber dei komoriske styresmaktene om å gjere det som er naudsynt for at institusjonane deira skal fungere betre.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.