Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om det andre toppmøtet mellom Nord- og Sør-Korea (01.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen følgjer med stor interesse alle forsøk på redusere spenninga på Koreahalvøya. Difor stør EU alle initiativ som kan medverke til å fremje fred, stabilitet og samarbeid på halvøya.

Den europeiske unionen følgjer med stor interesse alle forsøk på redusere spenninga på Koreahalvøya. Difor stør EU alle initiativ som kan medverke til å fremje fred, stabilitet og samarbeid på halvøya.

EU tek opp att si støtte til dialogen mellom Nord- og Sør-Korea og håper at toppmøtet mellom president Roh Moo-hyun og generalsekretær Kim Jong-il 2.–4. oktober vil kunne styrkje den atmosfæren av aukande tiltru og tillit som held på å utvikle seg på Koreahalvøya, og dermed òg medverke til innsatsen innanfor ramma av sekspartssamtalane om å fullstendig avskaffe kjernevåpen på Koreahalvøya, ein prosess EU stør fullt ut.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.