Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Sierra Leone (21.09.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg glad for den fredelege, velordna og opne valprosessen som følgde etter den andre valomgangen av presidentvalet 8. september, og som førte til at det endelege valresultatet blei kunngjort 17. september.

Den europeiske unionen seier seg glad for den fredelege, velordna og opne valprosessen som følgde etter den andre valomgangen av presidentvalet 8. september, og som førte til at det endelege valresultatet blei kunngjort 17. september.

EU gratulerer Ernest Bai Koroma med at han er blitt vald til president i Sierra Leone og uttrykkjer eit oppriktig ønskje om eit nær samarbeid og ein styrkt politisk dialog framover mellom den nye regjeringa og EU.

EU uttrykkjer dessutan si takksemd over og si beundring for det sterke demokratiske engasjementet som folket i Sierra Leone har vist i heile valprosessen. I denne samanhengen ønskjer EU å framheve den positive rolla som viktige institusjonar i Sierra Leone, særleg den nasjonale valkommisjonen, har spelt.

EU vil engasjere seg i å arbeide for ei fredeleg og velståande framtid for Sierra Leone og folket der.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.