Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Aserbajdsjan 15. oktober 2008 (20.10.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen er merksam på det arbeidet som vert gjort for å organisere valet på ein betre måte, og på endringane i vallova, som reflekterer nokre av tilrådingane frå OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og Venezia-kommisjonen.

Den europeiske unionen merkjer seg likevel at valet enno ikkje tilfredsstiller internasjonale demokratiske standardar, særleg når det gjeld organiseringa av den offentlege debatten, gjennomføringa av sjølve valet og oppteljinga av røystene.

Den europeiske unionen ber dei aserbajdsjanske styresmaktene innstendig om å vidareføre arbeidet med å oppfylle sine internasjonale forpliktingar når det gjeld demokratisk pluralisme og frie medium. EU er reie til å halde fram med å støtte utviklinga av demokratiske institusjonar i Aserbajdsjan, innanfor ramma av den europeiske naboskapspolitikken.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.