Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Darfur (18.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på at den sudanske presidenten einsidig har kunngjort våpenkvile i Darfur.

1. Den europeiske unionen ser positivt på at den sudanske presidenten einsidig har kunngjort våpenkvile i Darfur.

- Unionen oppmodar dei sudanske styresmaktene om å innfri sine lovnader, og ber alle partar innstendig om å gjere like eins. EU vil følgje nøye med på gjennomføringa av dette tiltaket, som er ein vesentleg føresetnad for å kunne byggje den tilliten som trengst for å få fredsprosessen i gang att. Særleg tek EU til orde for at dei sudanske styresmaktene i samarbeid med UNAMID straks må ta til med å avvæpne militsane.

- EU ber alle partar om å avstå frå vald, respektere den humanitære folkeretten og gå aktivt inn for å finne ei politisk løysing. Unionen ber dei sudanske styresmaktene og opprørsgruppene samarbeide aktivt med hovudmeklaren frå AU/FN og med UNAMID om å etablere effektive ordningar for å overvake stansen i kamphandlingane.

- EU har høyrt meldingar som kan tyde på at den sudanske hæren dei siste dagane har gjennomført militære operasjonar i Darfur, særleg bombardement frå lufta. Unionen ber UNAMID gjennomføre ei fullstendig gransking av desse episodane.

2. Den europeiske unionen ber den sudanske regjeringa vurdere tilrådingane frå Det sudanske folkeinitiativet til ei politisk løysing på krisa i Darfur. Unionen merkjer seg særleg forslaga som gjeld tryggleik, maktdeling erstatning til offer.

EU ber opprørsgruppene delta konstruktivt i den pågåande innsatsen for å løyse konflikten i Darfur.

3. Den europeiske unionen gjentek si støtte til hovudmeklaren frå AU/FN, Djibril Bassolé, og rosar tilretteleggingsarbeidet som blir gjort av Qatar i nær samordning med Bassolé.

4. Den europeiske unionen ber dei sudanske styresmaktene setje i verk alle tiltak dei er forplikta til, særleg etter trepartsmøtet 7. oktober 2008, for å framskunde utplasseringa av UNAMID. EU ber Sudan forlengje moratoriet på innskrenkingar i tilgangen til å drive humanitær innsats, som etter planen skal opphøyre tidleg i 2009, då moratoriet er avgjerande for at dei humanitære operasjonane i Darfur skal kunne halde fram.

5. Den europeiske unionen ser positivt på at den diplomatiske kontakten mellom Sudan og Tsjad er gjenoppretta. Dette er eit første steg i normaliseringa av relasjonane mellom dei to landa. EU oppmodar begge sider om å halde fram i same lei, med støtte frå kontaktgruppa for Dakar-avtalen, som blei underteikna 13. mars 2008, og frå alle statar i regionen.

6. Den europeiske unionen beklagar at Sudan ikkje vil samarbeide med den internasjonale straffedomstolen. Unionen ber dei sudanske styresmaktene oppfylle sine internasjonale plikter etter tryggingsrådsresolusjon 1593 ved å effektuere arrestordrane på Ahmad Harun og Ali Kushayb.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.