Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ransakinga av kontora til organisasjonen Memorial i St. Petersburg den 4. desember 2008 (10.12.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over ransakinga av kontora til organisasjonen Memorial i St. Petersburg den 4. desember 2008. Denne handlinga, berre nokre dagar før markeringa av 60-årsdagen for FNs menneskerettserklæring, sender ut eit negativt signal.

Den europeiske unionen ber dei russiske styresmaktene garantere handlefridommen til denne organisasjonen, som er respektert og blir hylla internasjonalt for arbeidet og innsatsen han gjer for å halde minnet om offera for Stalin-regimet i hevd og verne om menneskerettane. Unionen er svært uroa over at lova om ekstremisme er teken i bruk mot denne organisasjonen.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.