Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tilhøvet mellom Kina og Taiwan (10.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU har ei klar interesse av at det kan oppretthaldast eit fredeleg og stabilt tilhøve mellom Kina og Taiwan. EU minner om eitt-Kina-politikken sin, og standpunktet til unionen at Taiwan-spørsmålet må løysast på fredeleg vis av dei impliserte partane.

EU har ei klar interesse av at det kan oppretthaldast eit fredeleg og stabilt tilhøve mellom Kina og Taiwan. EU minner om eitt-Kina-politikken sin, og standpunktet til unionen at Taiwan-spørsmålet må løysast på fredeleg vis av dei impliserte partane.

Ingen av partane bør ty til einsidig vald, destabiliserande tiltak eller tvang. EU vedgår at folkeavrøystingar har ein generell verdi som demokratiske verkemiddel, men er likevel urolege over det taiwanske vedtaket om å gjennomføre den planlagde folkerøysinga om å melde seg inn i FN under namnet Taiwan. Den planlagde folkerøysinga kunne føre til auka spenning over Taiwansundet, til skade for alle impliserte, også det taiwanske folket.

EU vil framleis oppmode begge sider om å arbeide for å fremje dialog, praktisk samarbeid og tillitbygging.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.