Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter at IAEAs generaldirektør la fram rapporten om Irans kjernefysiske aktivitetar (18.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU om den kjernesfysiske aktiviteten til Iran.

Den europeiske unionen takkar IAEAs generaldirektør og hans team for rapporten som vart presentert 15. september, og som gjer greie for Det internasjonale atomenergibyråets arbeid for å kaste lys over dei kjernefysiske aktivitetane til Iran.

Den europeiske unionen seier seg lei for at Iran nektar å innstille sine sensitive kjernefysiske aktivitetar, i strid med resolusjonane frå Tryggingsrådet og styret i IAEA, og at landet ikkje samarbeider med IAEA slik byrået har bede om, for å gje svar på dei spørsmåla som står att i rapporten frå byrået.

Den europeiske unionen deler generaldirektørens "alvorlege uro" over at Iran ikkje svarar på spørsmål om aktivitetar som kan relaterast til utvikling og produksjon av kjernefysiske våpen.

EU oppmodar Iran om å rette seg etter Tryggingsrådets resolusjonar nr. 1696, 1737, 1747 og 1803, og særleg stanse dei kjenslege aktivitetane, slik at det kan innleiast forhandlingar. Unionen stadfester si støtte til dei forslaga som EUs generalsekretær og høge representant la fram for Iran i juni 2006, og som vart utvikla vidare i eit nytt tilbod til Iran 14. juni 2008. EU vil halde fram med å arbeide for å finne ei forhandlingsløysing på det iranske kjernefysiske spørsmålet så snart råd er, og stadfester unionens sterke støtte til tospors-tilnærminga.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings­prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.