Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om allmenn røysterett i Hongkong (24.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen har konsekvent støtta ei snarleg utvikling i retning allmenn røysterett i Hongkong i samsvar med grunnlova. Vi meiner at dette er til fordel for både Hongkong og Kina. Difor er vi skuffa over at allmenn røysterett til valet i 2012 er utelukka, ettersom regjeringa i Hongkong SAR i sin eigen rapport vedgjekk at fleirtalet av folket i Hongkong utan tvil gjekk inn for dette.

På same tid ser vi positivt på erklæringa frå regjeringssjef Donald Tsang om at det no er fastsett eit tidsskjema med klare utsikter til gjennomføring av allmenn røysterett ved val av regjeringssjef i 2017 og til det lovgjevande rådet i 2020. EU oppmodar alle involverte partar til å bli samde om konstruktive framlegg til utvida røysterett ved valet i 2012 som kan føre Hongkong vidare på vegen mot allmenn røysterett i samsvar med internasjonale krav innanfor dette tidsskjemaet.

Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.