Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for folk som høyrer til religiøse minoritetar i Iran (26.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen er svært uroa over den forverra situasjonen når det gjeld religions- og trusfridom, og særleg for retten til fri religionsutøving, i Iran, der presset på folk som høyrer til religiøse minoritetar har auka dei siste månadene.

Den europeiske unionen er djupt uroa over dei mange arrestasjonane den siste tida av iranarar som har konvertert til kristendommen, og medlemmer av Baha'i-samfunnet. EU ber om at dei vert sette fri straks og utan vilkår, og at det vert slutt på alle former for vald mot og diskriminering av desse personane.

Det har kome mange rapportar om at folk som er medlemmer av den kristne minoriteten og Baha'i-, Sufi- og Sunni-minoritetane i Iran, regelmessig har vore utsette for forfølging i form av beslaglegging av eigedom, vanhelging av gudshus, fengsling og ei rekkje valdshandlingar, nokre av dei livstruande.

Den europeiske unionen er uroa over avgjerda i det iranske parlamentet om å behandle eit lovframlegg som gjer fråfall frå den muslimske trua til eit brotsverk som kan straffast med døden. Dersom denne lova vert vedteken, vil ho vere ei alvorleg krenking av religions- og trusfridommen, som omfattar retten til å skifte religion og retten til ikkje å ha nokon religion. Lova vil vere eit brot på artikkel 18 i

Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Iran har ratifisert av eigen fri vilje, og eit trugsmål mot liva til ei rekkje iranarar, som har vore internerte utan lov og dom i fleire månader på grunn av si religiøse overtyding.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til Den islamske republikken Iran om å revurdere avgjerda om å behandle denne lova, setje fri alle dei som har vorte fengsla på grunn av si religiøse tru, og la alle innbyggjarane få nyte godt av full religions- og trusfridom.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.