Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Gholam-Reza H. i Iran (12.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga i Isfahan onsdag 29. oktober av Gholam-Reza H., ein 19 år gammal afghanar, som var dømt for eit drap han skal ha utført to år tidlegare.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga i Isfahan onsdag 29. oktober av Gholam-Reza H., ein 19 år gammal afghanar, som var dømt for eit drap han skal ha utført to år tidlegare.

Den europeiske unionen er svært uroa over denne siste henginga, som knuser dei håpa som vart skapte av rundskrivet dei iranske styresmaktene vedtok 15. oktober, som skulle forby avretting av personar som var mindreårige på det tidspunktet brotsverka dei har vorte dømde for, fann stad.

EU rettar ei inntrengjande oppmoding til Iran om å utvide dette rundskrivet til også å omfatte avrettingar på grunnlag av lex talionis  (prinsippet "auge for auge, tann for tann"). I dag er det denne lova som er grunnlaget for alle avrettingar av personar som var mindreårige då brotsverka dei har vorte dømde for, fann stad.

Den europeiske unionen seier seg lei for at Iran er det landet som avrettar flest personar for brotsverk dei gjorde seg skyldige i som mindreårige. Desse straffene er eit klart brot på dei internasjonale forpliktingane til Iran, slik desse kjem til uttrykk i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, og i Barnekonvensjonen, som begge forbyr avretting av mindreårige eller personar som er dømde for brotsverk dei gjorde seg skyldige i som mindreårige. Den europeiske unionen ber Iran innstendig om å bringe landets lovgjeving og praksis i samsvar med desse dokumenta, som Iran har underteikna og ratifisert av eigen fri vilje.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til Den islamske republikken Iran om å finne ein høveleg måte å behandle unge lovbrytarar på, som f.eks. bruk av ungdoms-domstolar og dommar som i hovudsak tek sikte på å ha ein oppdragande verknad og leggje til rette for sosial rehabilitering.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.