Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsdommar i Iran (07.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU fordømmer den tiltakande bruken av dødsdommar og avrettingar i Den islamske republikken Iran. EU minner òg om sin årelange motstand mot dødsstraff i alle situasjonar.

EU fordømmer den tiltakande bruken av dødsdommar og avrettingar i Den islamske republikken Iran. EU minner òg om sin årelange motstand mot dødsstraff i alle situasjonar.

EU går inn for at dødsstraffa blir avskaffa i alle land, og ber Den islamske republikken Iran innstendig om å avskaffe dødsstraffa, om nødvendig ved at det først blir innført eit moratorium på avrettingar, i tråd med resolusjonen som generalforsamlinga i FN vedtok i desember 2007 om moratorium på bruken av dødsstraff.
 
EU er særleg uroa over den trusselen om snarleg avretting som fr. Zohreh Kabiri, fr. Azar Kabiri og hr. Abdollah Farivar, som er dømde til døden ved steining, står overfor. Trass i moratoriet på steining som den iranske sida informerte EU om under den andre runden i menneskerettsdialogen mellom EU og Iran i 2003, er straffemetoden enno tillaten etter lova i Den islamske republikken Iran og blir framleis brukt av dommarar og gjennomført i praksis.

EU ber den iranske regjeringa innstendig om å la vere å bruke grufulle og nedverdigande straffemetodar og straks å avskaffe bruken av steining som avrettingsmetode – formelt og i praksis – slik det er teke til orde for i den siste resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Den islamske republikken Iran som generalforsamlinga i FN vedtok i desember 2007.

EU er òg djupt uroa over tre tilfelle der ungdomskriminelle er dømde til døden. EU merkjer seg at dette er eit direkte brot på internasjonalt regelverk som Den islamske republikken Iran er bunden av, nærmare bestemt FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og FN-konvensjonen om barnerettane, som begge eintydig forbyr avretting av mindreårige og personar som er dømde for brotsverk dei har gjort seg skuldige i som mindreårige.

EU ber Den islamske republikken Iran innstendig om å etterleve folkeretten og straks å stanse avrettingane av hr. Mahyar, hr. Mohammed Latif, hr. Behnam Zare og alle andre ungdomskriminelle, og å ta omsyn til alternative straffereaksjonar for unge lovbrytarar.

EU er òg opprørt over dødsdommane mot fire iranarar som arbeidde for tollstyresmaktene ved lufthamna i Mehrabed. Det desse personane hadde gjort seg skuldige i, var brot på korrupsjonslovene. EU minner Den islamske republikken Iran om at dei internasjonale minstekrava som gjeld for bruk av dødsstraff, går ut på at dødsstraff berre må takast i bruk for dei alvorlegaste brotsverka. Brot på korrupsjonslover kjem ikkje i denne kategorien. EU oppmodar om at dødsdommane i alle desse sakene straks blir omgjorde.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.