Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om behandlinga av eit utkast til straffelov i Iran (25.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen er djupt uroa over den stadige forverringa av menneskerettssituasjonen i Den islamske republikken Iran.

Den europeiske unionen er djupt uroa over den stadige forverringa av menneskerettssituasjonen i Den islamske republikken Iran.

EU ser med sterk uro på meldingane om at den iranske nasjonalforsamlinga har til behandling eit utkast til ny straffelov. EU er særleg bekymra over paragraf fem om trusfråfall, kjetteri og hekseri.

Det er viktig å merkje seg at dersom lova blir vedteken, får Den islamske republikken for første gong ei straffelov som set dødsstraff for trusfråfall. Dødsstraff for trusfråfall har vore idømt og gjennomført før, men har aldri vore nedfelt i lova.

Vidare er det grunn til alvorleg uro over paragrafane om kjetteri og hekseri, som set dødsstraff for handlingar som er i strid med islamske plikter og krav.

Desse paragrafane er klare brot på dei pliktene Den islamske republikken Iran har teke på seg etter dei internasjonale menneskerettskonvensjonane, som Iran er part i.

EU oppmodar dei iranske styresmaktene, både i regjering og nasjonalforsamling, om å endre utkastet til straffelov slik at Den islamske republikken Iran kan oppfylle dei internasjonale menneskerettskonvensjonane landet er part i. Utkastet til straffelov er i si noverande form ikkje i samsvar med iranske tilsegner og bør difor ikkje tre i kraft slik det ligg føre i dag.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.