Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Kenya (08.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU fordømmer valdshandlingane i Kenya den siste tida. EU ber innstendig om at politiske leiarar på alle sider viser størst mogeleg atterhald og avstår frå alle handlingar og utsegner som kan utløyse ytterlegare vald.

EU fordømmer valdshandlingane i Kenya den siste tida. EU ber innstendig om at politiske leiarar på alle sider viser størst mogeleg atterhald og avstår frå alle handlingar og utsegner som kan utløyse ytterlegare vald.

Folket i Kenya gjorde på ein verdig måte bruk av røysteretten sin under valet 27. desember. Dei må kunne vente at menneskerettane deira blir respekterte når det no blir reist tvil om valresultata.

EU ber leiarane i Kenya sjå alvorleg på dei innvendingane mot valprosessen som EU-observatørane, organisasjonane i det kenyanske sivilsamfunnet og andre internasjonale observatørar har gjeve uttrykk for. EU forventar at alle partar går i dialog med kvarandre og gjer sitt beste for å nå fram til ei politisk løysing. EU står parat til å støtte utfallet.

EU ser positivt på at Den afrikanske unionen er villig til å støtte Kenya i arbeidet med å finne ein veg ut av den aktuelle krisa. Dei kenyanske styresmaktene bør dra fordel av denne velviljen. EU støttar òg annan afrikansk innsats med det same siktemålet.

Inntil vidare vil medlemsstatane i EU og Den europeiske kommisjonen, samla og kvar for seg, ta seg av dei humanitære behova til kenyanarar som er drivne bort frå heimane sine etter valdshandlingane i det siste.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.