Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om tilhøva over Taiwansundet (04.06.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU ser positivt på den framdrifta i utviklinga av tilhøva over Taiwansundet som blei skapt med tiltredingstalen til den nye leiaren i Taiwan, Ma Ying-jeou, og erklæringa frå Chen Yunlin, leiar av kontoret for Taiwan-spørsmål i det kinesiske statsrådet.

EU ser positivt på den framdrifta i utviklinga av tilhøva over Taiwansundet som blei skapt med tiltredingstalen til den nye leiaren i Taiwan, Ma Ying-jeou, og erklæringa frå Chen Yunlin, leiar av kontoret for Taiwan-spørsmål i det kinesiske statsrådet.

EU meiner at etableringa av ein ny administrasjon i Taiwan byr på eit eineståande høve for dei to sidene til å gjere vidare framsteg i det praktiske samkvemmet dei imellom, og at dei etter dette kan nærme seg ein meiningsfylt dialog som vil vere til beste for folket på begge sider av Taiwansundet og styrkje freden og stabiliteten i regionen.

EU ser positivt på at begge sider viser vilje til å gripe desse sjansane.

EU minner om eitt-Kina-politikken sin og om si faste støtte til ei fredeleg løysing på Taiwan-spørsmålet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.


* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.