Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i den austlege delen av DRC (10.10.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen er svært uroa over dei stadige samanstøytane i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo, og konsekvensane desse har for den humanitære situasjonen.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste utsegnene frå Laurent Nkunda den siste tida, der han oppmodar til kupp mot den folkevalde og legitime regjeringa i Den demokratiske republikken Kongo. EU ber CNDP om straks og utan vilkår å vende tilbake til fredsprosessen som rørsla forplikta seg til å vere med på i Goma i januar.

Den europeiske unionen understrekar på nytt si overtyding om at det ikkje finst noka militær løysing på den aktuelle krisa i Kivus, og at Goma- og Nairobi-prosessane er dei einaste eigna rammeverka som kan skape ein ny atmosfære av tillit og stabilisere situasjonen på lang sikt i denne delen av Den demokratiske republikken Kongo.

Den europeiske unionen stadfester si støtte til dei kongolesiske styresmaktene og deira innsats for å finne ei politisk løysing på krisa, og oppmodar alle involverte partar til å respektere våpenkvila, gjennomføre tilbaketrekkingsplanen som MONUC har utarbeidd, og engasjere seg utan reservasjonar eller vilkår for å gjennomføre det dei forplikta seg til i Goma og Nairobi.

Den europeiske unionen minner om at det er naudsynt med ein kontinuerleg innsats for å gjere slutt på aktivitetane til utanlandske væpna grupper i den austlege delen av DRC. Når det gjeld DLFR, oppmodar unionen styresmaktene i Republikken Rwanda og Den demokratiske republikken Kongo om å intensivere samarbeidet med dette for auge.

Den europeiske unionen stadfester på nytt si støtte til det internasjonale meklingsarbeidet og den innsatsen MONUC gjer på staden, under vanskelege tilhøve, for å hjelpe den sivile befolkninga.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.