Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter det mislykka siste møtet i sekspartsforhandlingane om ei løysing på det nordkoreanske atomvåpen-spørsmålet (23.12.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen merkjer seg at det siste møtet i sekspartsforhandlingane om ei løysing på det nordkoreanske atomvåpenspørsmålet (Beijing, 8.-11. desember) ikkje har ført til dei resultata som var forventa av partane, særleg når det gjeld å semjast om utforming av ein verifikasjonsprotokoll til ei erklæring Nord-Korea sende ut om sine kjernefysiske anlegg og program 26. juni 2008.

Den europeiske unionen, som (i ei erklæring 30. juni 2008) sa seg tilfreds med denne handlinga frå Nord-Koreas side, og omtalte ho som eit viktig steg framover i den kjernefysiske nedrustingsprosessen, merkjer seg i dag med uro at det ikkje føreligg nokon skriftleg avtale mellom dei aktuelle partane.

Den europeiske unionen støttar sekspartsforhandlingane og har merkt seg framgangen i prosessen dei siste to åra, og unionen seier seg lei for at det ikkje var råd å kome fram til semje om oppretting av eit kontrollsystem under dei siste forhandlingane. Vi oppmodar Nord-Korea om å stå fast ved sine tilsegner på dette området.

Den europeiske unionens mål er framleis ei fullstendig, kontrollerbar og uomstøyteleg avvikling av Nord-Koreas kjernefysiske program, for å få til ei verifiserbar nedrusting på den koreanske halvøya, og sikre fred og stabilitet på halvøya og i Nordaust-Asia.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.