Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om framlegginga av den endelege rapporten frå EUs valobservatørsendelag (22.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg glad for at den endelege rapporten om president- og provinsvalet i Afghanistan 20. august 2009 frå EUs valobservatørsendelag no er lagd fram. Valobservatørsendelaget har gjort ein prisverdig jobb med å observere ein vanskeleg valprosess.

EU seier seg glad for at den endelege rapporten om president- og provinsvalet i Afghanistan 20. august 2009 frå EUs valobservatørsendelag no er lagd fram. Valobservatørsendelaget har gjort ein prisverdig jobb med å observere ein vanskeleg valprosess.

EU oppmodar no om at det vert sett i gang ein afghansk-leidd granskingsprosess som byggjer på erfaringane frå dette valet saman med tidlegare val, der målet er å få gjennomført nødvendige endringar i valsystemet før parlaments- og lokalvala skal haldast. Dette arbeidet må setjast i verk med det same, det må famne vidt og vere prega av openheit, og det må omfatte representantar for parlamentet, sivilsamfunnet og andre politiske aktørar.

EU seier seg samd i hovudkonklusjonane frå valobservatørsendelaget, mellom anna at ein må sikre sjølvstendet til den uavhengige valkommisjonen, effektiviteten til valklagekommisjonen og eit rammeverk for å oppdage og avgrense valfusk, gjennomføring av medielova, eit påliteleg manntal og eit truverdig system for godkjenning av kandidatar.

EU merkjer seg at desse tilrådingane generelt samsvarer med konklusjonane til andre observatørgrupper og til valobservatørane frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.