Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen mot homofobi (15.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

I samband med den internasjonale dagen mot homofobi stadfester formannskapet i Rådet på vegner av Den europeiske unionen på nytt ikkje-diskrimineringsprinsippet om at menneskerettane gjeld likt for alle menneske uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

I samband med den internasjonale dagen mot homofobi stadfester formannskapet i Rådet på vegner av Den europeiske unionen på nytt ikkje-diskrimineringsprinsippet om at menneskerettane gjeld likt for alle menneske uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet. 

EU avviser og fordømmer alle former for homofobi sidan dette fenomenet er eit klart angrep på menneskeverdet. EU meiner at diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet er i strid med dei grunnleggjande prinsippa organisasjonen byggjer på, og vil difor halde fram med å førebyggje og utrydde diskriminering ut frå dei seks grunnlaga som er nemnde i artikkel 13 i EF-traktaten, deriblant seksuell orientering. 

Vi er djupt uroa over brot på menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane på grunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet uansett kvar dei finn stad, og særleg over bruk av dødsstraff på dette grunnlaget, bruk av tortur eller andre former for grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, vilkårleg arrest eller internering, tap av forsamlingsfridomen og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, deriblant retten til helse. 

Vi oppmodar statane innstendig om å setje i verk alle nødvendige tiltak for å sikre at seksuell orientering og kjønnsidentitet ikkje under noko omstende kan danne grunnlaget for straffesaker, og at slike brot på menneskerettane må undersøkjast og dei skuldige gjerast ansvarlege og stillast for retten. 

EU seier seg glad for at desse prinsippa får stadig breiare støtte i verda, og minner i denne samanhengen om at 67 statar frå ulike regionar fordømde overgrep på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet i erklæringa frå FNs generalforsamling om menneskerettar, seksuell orientering og kjønnsidentitet av 18. desember 2008. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.